1Etterlikna meg slik eg etterliknar Kristus!
2Eg rosar dykk for at de hugsar på meg i alt og held fast på dei overleveringane som eg har gjeve vidare til dykk.
3Men eg vil de skal vita at Kristus er hovudet for kvar mann, mannen er hovudet for kvinna, og Gud er hovudet for Kristus.
4Ein mann som har noko på hovudet når han bed eller talar profetisk, vanærar hovudet sitt.
5Men ei kvinne som bed eller talar profetisk utan å dekkja til hovudet, vanærar hovudet sitt, for det er det same som å vera snauklipt.
6Vil ikkje ei kvinne ha noko på hovudet, kan ho like godt klippa håret av seg! Men er det ei skam for ei kvinne å klippa eller barbera håret av seg, må ho dekkja seg til.
7Men mannen skal ikkje ha noko på hovudet, for han er Guds bilete og ære. Men kvinna er mannens ære.
8For mannen vart ikkje til av kvinna, men kvinna av mannen.
9Mannen vart heller ikkje skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.
10Difor skal kvinna, for englane skuld, ha noko på hovudet som teikn på sin rett.
11Men i Herren er ikkje kvinna uavhengig av mannen, og mannen er ikkje uavhengig av kvinna.
12For liksom kvinna vart til av mannen, så blir mannen fødd av kvinna; men alt er av Gud.
13Døm sjølve! Sømer det seg for ei kvinne å be til Gud utan noko på hovudet?
14Lærer ikkje sjølve naturen dykk at det er ei vanære for mannen å ha langt hår,
15medan det er ei ære for kvinna? For det lange håret er gjeve henne til slør.
16Men vil nokon skapa strid om dette, så skal de vita at den skikken har ikkje vi, og heller ikkje Guds forsamlingar.
17Når eg no gjev dykk mine påbod, kan eg ikkje rosa dykk for samkomene dykkar. Dei er meir til skade enn til nytte.
18For det første høyrer eg at de er ueinige når de kjem saman i forsamlinga, og eg trur at det er noko i det.
19For det må vel vera oppsplitting i flokkar hos dykk, slik at det kan bli klårt kven som held mål.
20Når de så kjem saman og er samla, er det ikkje Herrens måltid de held.
21For når de held måltid, tek kvar og ein fram sin eigen mat, og den eine er svolten, den andre drikk seg full.
22Har de ikkje hus så de kan eta og drikka heime? Eller foraktar de Guds forsamling og lèt dei som ikkje har noko, sitja med skam? Kva skal eg seia til dette? Skal eg rosa dykk? Nei, for dette rosar eg dykk ikkje!
23For eg har teke imot frå Herren det eg òg har overgjeve til dykk: Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød,
24takka, braut det og sa: «Dette er min kropp, som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!»
25Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod. Kvar gong de drikk av det, gjer det til minne om meg!»
26For kvar gong de et dette brødet og drikk av begeret, forkynner de Herrens død, heilt til han kjem.
27Den som et brødet og drikk Herrens beger på urett vis, syndar mot Herrens kropp og blod.
28Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av begeret.
29For den som et og drikk utan tanke for Herrens kropp, han et og drikk seg sjølv til doms.
30Difor er det mange veike og sjuke hos dykk, og nokre sovnar inn.
31Om vi dømde oss sjølve, vart vi ikkje dømde.
32Men når vi blir dømde av Herren, blir vi refsa, så vi ikkje skal bli fordømde saman med verda.
33Difor, mine sysken: Når de kjem saman til måltid, må de venta på kvarandre!
34Er nokon svolten, får han eta heime, så ikkje samkomene dykkar skal føra dom over dykk. Om dei andre sakene skal eg gje forskrifter når eg kjem.