1 Corinthians 8NO2011NN

1Når det gjeld kjøt som har vore ofra til avgudane, er det nok så at vi alle har kunnskap. Men kunnskapen gjer hovmodig; det er kjærleiken som byggjer opp.

2Om nokon meiner at han har kunnskap om noko, så kjenner han det enno ikkje slik som han burde kjenna det.

3Men den som elskar Gud, er kjend av han.

4Når det gjeld det å eta slike avgudsoffer, veit vi at det ikkje finst nokon avgud i verda, og at det ikkje finst nokon Gud utan éin.

5Rett nok finst det såkalla gudar, både i himmelen og på jorda, ja, det er mange gudar og mange herrar.

6Men for oss er det éin Gud, vår Far. Alt vart til av han, og til han er vi skapte. Og det er éin Herre, Jesus Kristus. Alt er til ved han, og ved han lever vi.

7Men det er ikkje alle som har denne kunnskapen. Somme et framleis dette kjøtet som avgudsoffer fordi dei har vore vane med å dyrka avgudane. Så blir samvitet deira ureint fordi det er så veikt.

8Men mat fører oss ikkje nærare Gud. Vi vinn ikkje noko om vi et, og taper ikkje noko om vi ikkje et.

9Men sjå til at den fridomen de har, ikkje fører dei veike til fall!

10For dersom nokon ser at du som har kunnskap om dette, ligg til bords i eit avgudshus, blir ikkje då samvitet til den veike liksom oppbygd, så han et offerkjøt?

11Då går den veike fortapt på grunn av din kunnskap, ein bror som Kristus døydde for.

12Men når de på denne måten syndar mot syskena dykkar og sårar det veike samvitet deira, då syndar de mot Kristus sjølv.

13Difor: Dersom mat fører bror min eller syster mi til fall, då vil eg aldri i æva eta kjøt! For eg vil ikkje føra dei til fall.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.