Zephaniah 2NO1978NN

1Kom saman, ¬hald samling, du folk som ikkje skjemmest,

2før de kverv ¬som fykande agner, før han kjem over dykk, Herrens brennande vreide, før han kjem over dykk, Herrens vreidedag!

3Søk Herren, alle de audmjuke i landet, de som gjer hans vilje! Legg vinn på rettferd ¬og audmykt, så vert de kanskje sparte på Herrens vreidedag!

4Gasa skal liggja folketomt og Asjkalon verta ei øydemark. Midt på ljose dagen skal folket i Asjdod ¬drivast bort, og Ekron skal herjast ¬til grunnen.

5Ve deg, du kretarfolk, som bur utmed havet! Dette er Herrens ord mot deg: «Kanaan, du Filistarland, eg legg deg i øyde, ¬så ingen kan bu der.

6Landet ved havet ¬skal verta til beite, til hamnegang for gjætarar, til kve for sau og geit.»

7Dei som er att av Juda-ætta, skal få landet ved havet i eige. Der skal dei ha sitt beiteland, og om kvelden skal dei kvila ¬i husa i Asjkalon. For Herren deira Gud ¬skal sjå til dei, han skal venda deira lagnad.

8Eg høyrde svivørdinga ¬frå Moab og spottorda frå ammonittane, då dei svivørde folket mitt og briska seg mot landet deira.

9Difor, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Så sant eg lever, skal det gå Moab som Sodoma og ammonittane som ¬Gomorra; dei skal verta ei neslemark, ¬ei saltgruve, ei øydemark til evig tid. Dei som er att av folket mitt, skal plyndra dei, resten av folket ¬skal ta dei i eige.

10Dette skal henda fordi dei var storlåtne, fordi dei var stolte og spotta folket åt Herren, ¬Allhærs Gud.

11Dei skal få age for Herren når han rydjar ut alle gudane ¬på jorda. Og dei som bur på strendene ¬langt borte, skal tilbe han, kvar på sin stad.

12De òg, nubiarar, skal falla for mitt sverd.

13Han retter ut handa mot nord og øydelegg Assur. Han gjer Ninive til audn, turr som ei øydemark.

14Midt i byen ¬skal buskapar kvila og ville dyr av alle slag. Pelikan og hegre skal sova på søylehovuda der og ugla tuta frå vindaugo, på dørstokken ¬skal ramnen sitja. Sederpanelet skal rivast av.

15Dette er den jublande byen som låg så trygt ¬og sa med seg sjølv: «Eg – og ingen annan!» Kor aud han er vorten, ein kvilestad for villdyr! Alle som fer framom, pip og vinkar med handa.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Zephaniah 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.