Zephaniah 1NO1978NN

1Dette er Herrens ord som kom til Sefanja, son til Kusji, son til Gedalja, son til Amarja, son til Hiskia, på den tid då Josjia, son til Amon, var konge i Juda.

2Eg riv bort, alt riv eg bort frå jorda, lyder ordet frå Herren.

3Eg riv bort både folk og fe, fuglen i lufta og fisken i sjøen. Eg fører dei ugudelege til fall og rydjar menneska ut av jorda, lyder ordet frå Herren.

4Eg retter ut handa mot Juda, mot alle som bur i Jerusalem. Eg tek bort frå denne staden alt som er att av Ba’al, og namnet åt avgudsprestane saman med prestane.

5Eg rydjar ut dei som tilbed himmelhæren på taka, dei som tilbed Herren ¬og sver ved han, men samstundes sver ¬ved Milkom,

6og dei som har vendt ¬Herren ryggen, som ikkje søkjer Herren og ikkje spør han til råds.

7Ver still for Herren Gud, for Herrens dag er nær! Herren har laga til ¬ei offerslakting, han har vigt sine gjester.

8På Herrens slaktofferdag ¬skal det henda at eg straffar hovdingar ¬og kongssøner og alle som kler seg ¬i utanlandsk drakt.

9Den dagen vil eg straffa alle dei som stig opp ¬på pallen, dei som fyller sin Herres hus ¬med vald og svik.

10Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren, skal det høyrast skrik ¬frå Fiskeporten, jammer frå Nybyen og sterkt brak frå haugane.

11Hyl, de som bur i Morteren, for heile kræmarfolket ¬er gjort til inkjes, utrudde er alle ¬som vog opp sølv.

12På den tid skal det henda at eg ransakar Jerusalem ¬med ljos og lykt og krev mennene der ¬til rekneskap, dei som sit stive ¬over bermen av sin vin og seier med seg sjølve: «Herren gjer korkje godt ¬eller vondt.»

13Eigedomen deira ¬skal plyndrast og husa deira øydeleggjast. Byggjer dei hus, ¬får dei ikkje bu i dei, plantar dei vinhagar, ¬får dei ikkje drikka vinen.

14Nær er Herrens dag, den store; han er nær og kjem med hast! Høyr, beisk er Herrens dag, då ropar krigaren høgt.

15Den dagen er ein vreidedag, ein dag med naud og trengsle, ein dag med storm og herjing, ein dag med mørker ¬og dimme, ein dag med skyer og skodd,

16ein dag med hornlåt og hærrop mot dei faste borger og mot dei høge tårn.

17Då vil eg gjera folk så redde at dei går ikring som blinde, for dei har synda mot Herren. Blodet deira ¬skal kastast ut som avfall og kjøtet deira som møk.

18Deira sølv og gull ¬kan ikkje berga dei. På sin vreidedag skal Herren i sin brennhug ¬øyda heile jorda. For han gjer ende, ja brå ende på alle som bur på jorda.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Zephaniah 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.