Zechariah 11NO1978NN

1Lat opp dine dører, ¬Libanon, så eld kan øyda dine sedertre!

2Set i med klagerop, sypress, fordi sederen er fallen, dei veldige trea øydelagde. Set i med klagerop, de mektige tre i Basan, fordi den tette skogen er felt.

3Høyr kor gjætarane klagar fordi deira herlege beite ¬er herja! Høyr kor dei unge løvene ¬brøler fordi den fine Jordan-skogen ¬er øydelagd!

4Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!»

5Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje.

6«For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»

7Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –

8Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad. Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg.

9Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.»

10Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.

11Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.

12Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.

13Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.

14Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding!

16For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som ikkje ser etter dei ¬som går seg bort, ikkje leitar etter dei ¬som går seg vilt, ikkje lækjer dei som er skadde, ikkje syter for mat til dei friske, men et kjøtet av dei feite dyra og riv klauvene av dei.»

17Ve den duglause ¬hyrdingen min, som går bort frå sauene! Sverd mot armen ¬og høgre auga hans! Armen hans skal visna bort, og det høgre auga sløkkjast ut.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.