Zechariah 10NO1978NN

1Bed Herren om regn når tida for vårregnet ¬er komen. Det er Herren ¬som skaper uversskyer og gjev menneska regnskurer, så dei får vokstrar på marka.

2Husgudane tala berre lygn, spåmennene ¬hadde falske syner og fortalde svikefulle draumar; trøysta dei gav, ¬var ingenting verd. Difor laut folket fara av stad og lida vondt som sauer, fordi dei ikkje hadde hyrding.

3Mot hyrdingane ¬logar min vreide, og bukkane vil eg krevja ¬til rekneskap. Men Herren, Allhærs Gud, vil sjå til Juda-ætta, ¬som er hans flokk. Han gjer henne ¬til sin stolte stridshest.

4Frå henne skal hjørnestein ¬og teltplugg koma, frå henne ¬skal stridsboge koma, frå henne ¬skal kvar styresmann gå ut.

5Dei skal vera ¬som kjemper i striden, som trakkar ned for fote ¬på sølete vegar. Dei skal strida, ¬for Herren er med dei, medan hestfolka ¬skal verta til skammar.

6Eg gjer Juda-ætta sterk, og Josefs-ætta gjev eg siger. Eg lèt dei atter busetja seg, for eg har medkjensle med dei. Ja, det skal gå dei som om eg aldri ¬hadde støytt dei bort, for eg er Herren deira Gud, og eg vil høyra deira bøner.

7Efraims menn ¬skal vera lik kjemper, dei skal vera glade som når ein drikk vin. Borna deira skal sjå det ¬med glede og hjarto deira fagna seg ¬i Herren.

8Eg vil plystra på dei ¬og samla dei, for eg har fria dei ut. Dei skal verta så mange ¬som dei eingong var.

9Sår eg dei ut mellom folka, vil dei minnast meg ¬i land langt borte. Dei skal leva saman ¬med borna sine og koma attende.

10Eg vil føra dei heim att ¬frå Egypt, og frå Assyria ¬skal eg samla dei. Eg lèt dei koma ¬til Gilead og Libanon; men det vert ikkje rom nok ¬åt dei.

11Han skal dra fram ¬gjennom det trugande havet og slå ned bylgjene der. Alle djupa i Nilen ¬skal turkast ut. Det Assur er stolt av, ¬skal støytast ned, kongsstaven skal vika ¬frå Egypt.

12Eg vil gjera dei sterke i Herren, og dei skal ferdast ¬i hans namn, lyder ordet frå Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.