Romans 9NO1978NN

1Det eg no seier, er sanning; eg lyg ikkje! For eg talar i trua på Kristus, og samvitet mitt stadfester det i Den Heilage Ande.

2Eg ber på ei stor sorg og ei stendig liding i hjarta mitt.

3For eg skulle ynskja at eg sjølv var bannstøytt og skild frå Kristus, berre det hadde gagna mine brør og landsmenn.

4Dei er då israelittar; dei har barnekåret og Guds herlegdom, paktene og lova, tempeltenesta og lovnadene;

5deira er fedrane, og frå dei er Kristus komen som menneske, han som er Gud over alle ting, høglova i all æve. Amen.

6Med dette vil eg ikkje ha sagt at Guds ord har vorte om inkje. For ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer Israel til,

7og ikkje alle som er ætta frå Abraham, er Abrahams born. Det står då: Gjennom Isak skal du få ei ætt som kallast di.

8Det vil seia: Det er ikkje naturleg nedætting som gjer nokon til Guds born. Det er dei som er born etter lovnaden, som skal reknast for Abrahams ætt.

9For dette er eit lovnadsord: Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son.

10Og dette er ikkje alt. Rebekka fekk to søner med éin mann, Isak, ættefar vår.

11Før dei var fødde, då dei korkje hadde gjort godt eller vondt, sa Gud til henne: Den eldste skal tena den yngste. Guds plan og utveljing skulle stå ved lag,

12og den er ikkje avhengig av menneskegjerningar, men berre av han som kallar.

13Det står då skrive: Jakob hadde eg kjær, men mot Esau hadde eg uvilje.

14Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå!

15For til Moses seier han: Eg vil miskunna den som eg miskunnar, og ynkast over den som eg ynkast over.

16Så står det ikkje til den som vil, og ikkje til den som strevar, men til Gud som gjer miskunn.

17For Skrifta seier til farao: Når eg lét deg stiga fram, var det av di eg ville syna mi makt på deg og la mitt namn verta kunngjort over heile jorda.

18Det viser at han gjer miskunn mot den han vil, og forherdar den han vil.

19No vil du vel seia: «Kva har han då å klaga oss for? Kven kan stå imot hans vilje?»

20Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til meisteren: «Kvifor laga du meg slik?»

21Eller har ikkje krusmakaren makt over leiret, så han av same deigen kan laga eit kar til ære og eit anna til vanære?

22Og endå Gud ville syna sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort langmod tolt dei kar som var under vreiden, dei som var laga for å gå til grunne.

23Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei kar som han ville syna miskunn, dei som han føreåt hadde gjort ferdige til herlegdom.

24Oss òg har han kalla til å vera slike kar, ikkje berre mellom jødane, men mellom dei andre folkeslaga òg.

25Som han seier hjå Hosea: Dei som ikkje er mitt folk, vil eg kalla mitt folk, og henne som eg ikkje elska, vil eg kalla den som eg elskar.

26Og på den staden ¬der det vart sagt til dei: De er ikkje mitt folk, der skal dei kallast borna åt den levande Gud.

27Og Jesaja ropar ut over Israel: Om Israel var så talrikt ¬som havsens sand, skal berre ein rest verta frelst.

28Det Herren har sagt, ¬skal han gjera på jorda; han avgrensar, ¬men fullfører det.

29Og som Jesaja før har sagt: Hadde ikkje Herren, ¬Allhærs Gud, late ei ætt vera att åt oss, då var vi som Sodoma, då likna vi Gomorra.

30Kva skal vi då seia? Jau, heidningane som ikkje streva etter rettferd, dei har vunne rettferd, det vil seia: rettferda av tru.

31Israel derimot tøygde seg etter lova med hennar rettferd, men dei nådde ikkje opp til lova.

32Kvifor ikkje? Fordi dei heldt seg til gjerningar og ikkje til tru. Dei støytte seg på støytesteinen,

33som det står skrive: Sjå, eg legg på Sion ¬ein støytestein og eit berg til fall. Men den som trur på han, skal ikkje verta til skammar.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Romans 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.