Romans 10NO1978NN

1Brør, mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste.

2For det vitnemålet må eg gje dei at dei brenn for Guds sak, men ikkje med skjøn.

3Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygt seg inn under rettferda frå Gud.

4For Kristus er endelykta åt lova, så kvar den som trur, vert rettferdig for Gud.

5Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova.

6Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned –

7eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde.

8Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner.

9For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst.

10Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste.

11Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.

12For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han.

13Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

14Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner?

15Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Det står då skrive: Kor herleg det lyder når dei kjem, dei som ber gledebod!

16Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår?

17Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.

18Har dei ikkje høyrt? spør eg. Jau, sanneleg: Røysta deira har nått ¬over heile jorda, deira ord til heimsens endar.

19Men så spør eg: Kan henda Israel ikkje har skjøna det? Fyrst seier Moses: Eg vil eggja dykk til misunning mot dei som ikkje er eit folk, på eit uvitug folk vil eg ¬gjera dykk harme.

20Og Jesaja går så langt at han seier: Eg vart funnen av dei ¬som ikkje søkte meg; eg openberra meg for dei som ikkje spurde etter meg.

21Men om Israel seier han: Heile dagen rette eg ut ¬mine hender til eit ulydig og trassig folk.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Romans 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.