Revelation 9NO1978NN

1Den femte engelen bles i basun. Då såg eg ei stjerne som hadde falle frå himmelen og ned på jorda. Ho fekk nykelen til brunnen som fører ned i avgrunnen.

2Og då ho opna brunnen, steig det opp røyk som or ein stor omn, så sola og lufta mørktest.

3Ut or røyken kom det grashopper som spreidde seg over jorda, og dei fekk same makt som skorpionane på jorda.

4Det vart sagt dei at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna.

5Dei fekk ikkje lov til å drepa dei, men dei skulle pina dei i fem månader. Og pinsla var som den pinsle ein skorpion valdar når han stikk eit menneske.

6I dei dagane skal menneska søkja døden, men ikkje finna han. Dei skal lengta etter å få døy, men døden skal røma frå dei.

7Grashoppene var liksom hestar budde til strid; på hovudet hadde dei noko som likna kransar av gull, og andleta var som menneskeandlet.

8Håret deira var som kvinnehår, tennene som løvetenner

9og bringa som ei jernbrynje. Lyden av vengene deira var som larmen av mange hestar og vogner når dei rasar fram til strid.

10Dei hadde halar med brodd som skorpionar, og i halane låg makta til å plaga menneska i fem månader.

11Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon, og på gresk Apollyon.

12Det fyrste ve er over, men det kjem endå to.

13Den sjette engelen bles i basun. Då høyrde eg ei røyst frå dei fire horna på gullaltaret for Guds åsyn.

14Røysta sa til den sjette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englane som står bundne ved den store elva Eufrat!»

15Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året; dei skulle drepa tredjeparten av menneska.

16Talet på hestfolk i hæren deira var tjue tusen gonger ti tusen; eg høyrde talet.

17Og såleis var dei hestane og det hestfolket eg såg i synet: Mennene hadde brynjer som var eldraude, mørkeblå og svovelgule; hestane hadde hovud som løver, og ut or munnen deira fór det eld og røyk og svovel.

18Tredjeparten av menneska sette livet til i desse tre plagene, i elden og røyken og svovelen som kom ut or munnen på hestane.

19For makta deira ligg ikkje berre i munnen, men i halane òg. For halane deira liknar ormar som har hovud, og med dei gjer dei skade.

20Men dei som slapp frå desse plagene og ikkje vart drepne, dei vende ikkje om, og heldt ikkje opp med å tilbe det dei hadde laga med hendene sine; men dei tilbad vonde ånder og avgudsbilete av gull, sølv og bronse, stein og tre, dei som korkje kan sjå eller høyra eller gå.

21Dei vende ikkje om frå sine mord og sine trolldomskunster, frå sitt horeliv og si steling.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Revelation 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.