Revelation 8NO1978NN

1Då Lammet braut det sjuande seglet, vart det stilt i himmelen om lag ein halv time.

2Og eg såg dei sju englane som står for Guds åsyn, og det vart gjeve dei sju basunar.

3Ein annan engel, som hadde eit røykjelsefat av gull, kom og stod ved altaret. Og det vart gjeve han ei mengd røykjelse, som han skulle leggja til bønene frå alle dei heilage på det gullaltaret som var framfor kongsstolen.

4Og frå engelens hand steig det opp for Guds åsyn ei sky av røykjelse saman med bønene åt dei heilage.

5Så tok engelen røykjelsefatet, fylte det med eld frå altaret og kasta han på jorda. Då kom det torebrak og drønn, lyn og jordskjelv.

6Dei sju englane med dei sju basunane budde seg no til å blåsa.

7Den fyrste engelen bles i basun. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og det vart kasta ned på jorda. Tredjeparten av jorda gjekk opp i logar, og tredjeparten av trea brann opp saman med alt det grøne graset.

8Den andre engelen bles i basun. Då vart noko som likna eit stort, brennande fjell kasta i havet. Tredjeparten av havet vart til blod,

9og tredjeparten av alle levande skapningar i havet døydde, og tredjeparten av skipa gjekk under.

10Den tredje engelen bles i basun. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel; og ho fall på tredjeparten av elvane og på vasskjeldene.

11Namnet på stjerna er Malurt, og tredjeparten av vatnet vart til malurt; og mange menneske døydde av vatnet fordi det hadde vorte giftig.

12Den fjerde engelen bles i basun. Då vart tredjeparten av sola og av månen og av stjernene råka, så tredjeparten av dei vart mørk; dagen miste tredjeparten av ljoset sitt, og natta like eins.

13Då såg eg ei ørn, som flaug høgt oppe under himmelkvelven, og eg høyrde henne ropa med høg røyst: «Ve, ve, ve over dei som bur på jorda, når dei tre siste englane lèt basunane sine lyda.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Revelation 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.