Revelation 5NO1978NN

1Eg såg at han som sat på kongsstolen, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl.

2Då såg eg ein mektig engel, som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla på henne?»

3Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne.

4Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne.

5Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda ætt, Davids rotrenning, han har sigra og kan opna boka med dei sju segla.»

6Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.

7Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand.

8Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage.

9Og dei song ein ny song: Verdig er du til å ta imot boka og bryta segla på henne. For du vart slakta og har med ditt blod frikjøpt ¬for Gud menneske av alle ætter ¬og tungemål, av alle folk og folkeslag.

10Du har gjort dei ¬til eit kongerike, til prestar for vår Gud, og dei skal råda på jorda.

11I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen.

12Dei ropa med høg røyst: Verdig er Lammet ¬som vart slakta, verdig til å få all makt ¬og rikdom, visdom og styrke, ære og pris og takk.

13Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia: Han som sit på kongsstolen, han og Lammet ¬skal ha all takk og ære, pris og makt i all æve.

14Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Revelation 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.