Revelation 4NO1978NN

1Deretter hadde eg eit syn: Eg såg at det var opna ei dør inn til himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»

2I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ein kongsstol, og det sat ein på kongsstolen.

3Han som sat der, var å sjå til som jaspis og karneol, og kring kongsstolen var ein regnboge; han var som smaragd.

4I ein ring kring kongsstolen såg eg tjuefire andre stolar, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede og med gullkransar på hovudet.

5Frå kongsstolen gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor stolen brann det sju faklar; det er dei sju Guds ånder.

6Framfor kongsstolen var det som eit glashav, likt krystall. Og kringom kongsstolen, midt på kvar side, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av augo framme og bak.

7Den fyrste skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei ørn i flòg.

8Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei augo, både rundt om og under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den Allmektige, han som var og som er ¬og som kjem.

9Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på kongsstolen, han som lever i all æve,

10fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på stolen, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar kransane sine ned framfor kongsstolen og ropar:

11Verdig er du, vår Herre og Gud, til å få all pris og ære og makt. For du har skapt alle ting; du ville det, og dei vart til, ¬skapte av deg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Revelation 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.