Revelation 19NO1978NN

1Så høyrde eg noko som likna eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song: Halleluja! Sigeren og æra og makta ¬høyrer vår Gud til,

2for sanne og rettferdige ¬er hans domar. Han har dømt den store skjøkja, ho som øydela jorda ¬med si utukt, og blodet av tenarane sine har han kravt av hennar hand.

3Endå ein gong ropa dei: Halleluja! Røyken frå henne stig opp ¬i all æve.

4Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!»

5Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»

6Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa: Halleluja! Herren vår Gud, ¬Den Allmektige, har vorte konge!

7Lat oss gleda og fagna oss ¬og gje han æra! Tida er komen då Lammet ¬skal halda bryllaup! Brura har butt seg;

8ho har fått ein bunad ¬av skinande reint lin. – Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.

9Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»

10Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.

11Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd.

12Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner.

13Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord».

14Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint.

15Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige.

16På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.

17Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod!

18De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.»

19Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans.

20Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.

21Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Revelation 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.