Revelation 18NO1978NN

1Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han.

2Han ropa med veldig røyst: «Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar.

3For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.»

4Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst: Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar.

5For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort.

6Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt.

7Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: «Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.»

8Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne.

9Kongane på jorda, som har levt med henne i hor og vellivnad, skal gråta og jamra seg over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn.

10Skræmde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa: «Ve, ve, du store by, du mektige Babylon by! På éin time kom domen over deg.»

11Kjøpmennene på jorda skal gråta og syrgja over henne, fordi ingen kjøper varene deira lenger:

12skipslaster av gull og sølv, dyre steinar og perler, fint lin og purpur, silke og skarlak; alle slag angande tre, alle slag ting av elfenbein og verdfullt tre og kopar, jern og marmor;

13kanel og krydder, røykjelse, salveolje og virak; vin og olje, fint mjøl og kveite; storfe og småfe, hestar, vogner og trælar, levande menneske.

14Fruktene som var di hjartans lyst, er borte for deg, og alle dine dyre eigneluter og all din stas har du tapt; aldri skal det finnast meir.

15Dei som handlar med slikt, kjøpmenn som har tent seg rike på henne, skal stå langt borte, skræmde av hennar liding. Dei skal gråta og syrgja

16og seia: «Ve, ve deg, du store by, du som var kledd i fint lin og purpur og skarlak, og som lyste av gull og dyre steinar og perler!

17På éin time er all denne rikdomen tapt.» Alle som fører skip på havet, og dei som ferdast langs kystane, sjømennene og alle som har sitt arbeid på havet, stod langt borte.

18Dei såg røyken då ho brann og ropa: «Kvar finst maken til denne store byen?»

19Og dei kasta støv over hovudet, og gråtande og syrgjande ropa dei: «Ve, ve den store byen, der alle som har skip i sjøen, har vorte rike av dei dyre eignelutene hennar! På éin time er alt lagt øyde.»

20Gled dykk over hennar fall, du himmel og de heilage, de apostlar og profetar! For Gud har dømt og straffa henne for det ho gjorde mot dykk.

21Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa: «Såleis skal Babylon, den store byen, kastast ned med veldig kraft, og aldri meir skal han finnast.

22Harpespelarar og songarar, fløytespelarar og basunblåsarar, aldri meir skal dei høyrast i deg. Handverkarar av alle slag, i deg skal dei aldri meir finnast. Kverna som durar, i deg skal ho aldri meir verta høyrd.

23Ljoset frå lampa, i deg skal det aldri meir lysa. Røyster frå brur og brudgom, i deg skal dei aldri meir høyrast. For kjøpmennene dine var stormenn på jorda, og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte.

24I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage, ja, av alle dei som er myrda på jorda.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Revelation 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.