Psalms 37NO1978NN

1Av David. Harmast ikkje på dei ¬som gjer vondt, misunn ikkje dei som gjer urett!

2For dei visnar ¬så snart som graset og turkar bort som grøne groen.

3Lit på Herren og gjer det gode, så skal du få bu i landet. Legg vinn på truskap!

4Ha di lyst og glede i Herren, så skal han gje deg ¬det hjarta ditt ynskjer!

5Legg din veg i Herrens hand, lit på han, så skal han gripa inn.

6Han skal la di rettferd ¬bryta fram som ljoset, din rett skal verta ¬som høgljos dag.

7Ver still for Herren ¬og venta på han! Lat ikkje harmen loga mot den som har lukka ¬med seg, mot den som set vonde planar ¬i verk!

8Gjev vreiden opp, ¬lat harmen fara! Lat ikkje harmen loga – det fører berre ulukke ¬med seg.

9For dei som gjer vondt, ¬skal rydjast ut, men dei som ventar på Herren, ¬skal arva landet.

10Om ei lita stund ¬er den gudlause borte; ser du etter på hans stad, ¬så er han der ikkje.

11Men dei tolsame ¬skal arva landet og gleda seg over lukke og fred.

12Den gudlause legg vonde planar mot den rettferdige og skjer tenner mot han.

13Men Herren ler åt han, for han ser at hans dag kjem.

14Dei vonde dreg sverdet ¬og spenner bogen, dei vil fella den arme og fattige og drepa den ¬som fer ærleg fram.

15Men sverdet skal råka ¬dei sjølve i hjarta, og bogane skal brytast sund.

16Det vesle den rettferdige eig, er betre enn ¬den store rikdomen ¬åt dei gudlause.

17For den makt dei gudlause har, ¬skal brytast, men Herren held ¬dei rettferdige oppe.

18Herren kjenner dagane ¬åt dei ærlege, deira arv skal vara til evig tid.

19Dei vert ikkje til skammar ¬i vonde tider, når hungeren herjar, ¬får dei eta seg mette.

20Men dei gudlause går ¬til grunne. Som blomeskrudet på marka vert Herrens fiendar borte, dei kverv som røyk.

21Den gudlause låner ¬og gjev ikkje att, den rettferdige ¬er miskunnsam og gjevmild.

22Dei Herren velsignar, ¬skal arva landet, men dei han forbannar, ¬skal rydjast ut.

23Herren gjer mannens steg faste når han likar hans ferd.

24Om han snåvar, ¬fell han ikkje til jorda; for Herren stør hans hand.

25Ung har eg vore, ¬og no er eg gamal, men aldri har eg sett ¬ein rettferdig forlaten eller hans born be om brød.

26Han er alltid miskunnsam ¬og låner ut, og hans etterkomarar ¬vert til velsigning.

27Hald deg frå det vonde ¬og gjer det gode, så skal du for alltid bu trygt.

28For Herren elskar ¬det som er rett, han forlèt ikkje sine trugne. Dei vert haldne oppe ¬til evig tid, men ætta åt dei gudlause ¬vert utrudd.

29Dei rettferdige skal arva landet og alltid få bu i det.

30Den rettferdige talar visdom, rett er det ¬som kjem frå hans munn.

31Han har Guds lov i sitt hjarta, og hans steg er alltid støe.

32Den gudlause lurer ¬på den rettferdige og prøver å ta hans liv.

33Men Herren gjev han ikkje ¬i hans hand og lèt han ikkje dømast skuldig.

34Venta på Herren ¬og fylg hans veg! Så lyfter han deg opp, ¬og du arvar landet; du får sjå ¬at dei vonde vert utrudde.

35Eingong såg eg ¬ein gudlaus tyrann; han briska seg ¬som ein frodig seder.

36Då eg sidan kom framom, ¬var han borte; eg leita, men fann han ikkje.

37Gjev akt på den ¬som er heil i si ferd, og sjå på den som er ærleg! Det er framtid ¬for fredsæl mann.

38Men alle brotsmenn ¬går til grunne, dei gudlause har inga framtid.

39Dei rettferdige får si frelse ¬frå Herren, han er deira vern ¬i trengselstider.

40Herren hjelper og bergar dei, friar og frelser dei ¬frå dei vonde; for dei flyr til han.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 37.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.