Psalms 36NO1978NN

1Til korleiaren. Av David, Herrens tenar.

2Synda kviskrar sine ord til den gudlause, ¬djupt i hans hjarta. Age for Gud veit han ikkje av.

3Når han ser på seg sjølv, ¬vert han smigra; han finn inga synd å hata.

4Dei ord han talar, ¬er lygn og svik. Han har halde opp ¬med å gjera godt og bera seg visleg åt.

5Han ligg og tenkjer ut ¬vondskap. Han slår inn på ein veg ¬som ikkje er god, og viser ikkje det vonde frå seg.

6Herre, til himmelen ¬når di miskunn, til skyene rekk din truskap.

7Di rettferd er som mektige fjell, som det store havdjup ¬er dine domar. Du bergar menneske og dyr.

8Herre, kor dyrverdig ¬di miskunn er! I skuggen av dine venger, Gud, søkjer menneskeborna livd.

9Dei får eta seg mette ¬av det beste i ditt hus, du lèt dei drikka ¬or gledebekken din.

10For hjå deg er livsens kjelde, i ditt ljos ser vi ljos.

11Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg, og di rettferd ¬for dei ærlege av hjarta.

12Lat ikkje dei stolte trø meg ned, dei gudlause jaga meg bort!

13Så skal ugjerningsmennene ¬falla; dei skal støytast ned og ikkje reisa seg meir.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 36.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.