1Halleluja! Syng ein ny song for Herren, lovsyng han ¬der dei trugne er samla.
2Gjev Israel må gleda seg ¬over sin skapar, Sions søner jubla for sin konge.
3Dei skal prisa hans namn ¬med dans og spela for han ¬med pauke og lyre.
4For Herren har hugnad ¬i sitt folk, han kronar dei hjelpelause ¬med siger.
5Dei trugne skal jubla med ære og ropa av fagnad på si lege.
6Dei har lovsong til Gud ¬i sin munn og tvieggja sverd i si hand.
7Dei vil ta hemn over folkeslag og tukta folkeætter,
8binda kongane deira ¬med lekkjer og stormennene med jernband.
9Dei skal halda dom over dei, så som det står skrive, til ære for alle hans trugne. Halleluja!