Psalms 148NO1978NN

1Halleluja! Lovsyng Herren frå himmelen, lovsyng han i det høge!

2Lov han, alle hans englar, lov han, heile hans hær!

3Lov han, sol og måne, lov han, kvar lysande stjerne!

4Lov han, du høge himmel, du vatn oppover himmelen!

5Dei skal lova Herrens namn, for dei vart skapte ¬då han baud.

6Han lét dei få sin stad ¬for alltid og gav ei lov dei ikkje bryt.

7Lovsyng Herren frå jorda, de store sjødyr og alle havdjup,

8eld og hagl, snø og skodd, du storm som set hans ord ¬i verk!

9De fjell og alle haugar, frukttre og alle sedrar,

10de ville dyr og alle slag fe, krypdyr og flygande fuglar!

11De kongar på jord og alle folk, stormenn og styresmenn ¬i verda,

12de unge menn og kvinner, gamle folk og gutar!

13Dei skal lova Herrens namn, for berre hans namn ¬er opphøgt; hans herlegdom er utbreidd over himmel og jord.

14Stor kraft har han gjeve ¬sitt folk. Difor får han lovsong ¬frå alle sine trugne, frå Israel, det folket ¬som får vera han nær. Halleluja!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 148.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.