Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 123

:
Norwegian - NO1978NN
1 Ein song til festferdene. Eg lyfter mine augo til deg, du som tronar i himmelen,
2 liksom trælen fylgjer handa åt herren sin med augo. Liksom trælkvinna fylgjer handa åt husfrua med augo, vender vi augo ¬mot Herren vår Gud, til dess han viser oss nåde.
3 Ver oss nådig, Herre, ¬ver oss nådig! For vi har fått meir enn nok ¬av spott.
4 Vi er mette av spott ¬frå sjølvtrygge folk, og av vanvørdnad ¬frå dei hovmodige.