1Ein song til festferdene. Av David. Eg er glad når dei seier til meg: «Vi vil gå til Herrens hus.»
2No har vi sett våre føter i dine portar, Jerusalem.
3Jerusalem, du velbygde by, som ligg der samla ¬og samanbunden!
4Dit fer ættene opp, ættene som høyrer Herren til. Det er ei lov for Israel at dei skal prisa ¬Herrens namn der.
5Ja, der er domarsete reiste, troner for Davids hus.
6Bed om fred for Jerusalem! Gjev dei som elskar deg, ¬må leva trygt!
7Gjev fred får råda ¬bak dine murar og tryggleik i dine borger!
8For mine brør og frendar skuld seier eg: «Fred over deg!»
9Fordi Herren vår Gud ¬har sitt hus i deg, bed eg at det må gå deg vel.