Psalms 10NO1978NN

1Kvifor er du så langt borte, ¬Herre, kvifor løyner du deg ¬i trengselstider?

2Dei gudlause jagar ¬i sitt hovmod ein stakkar, men vert sjølve fanga ¬med dei knep dei fann på.

3Den gudlause skryter ¬av si grådige lyst, den griske forbannar ¬og vanvørder Herren.

4Den gudlause seier ¬med hovmodig mine: «Han krev meg ikkje ¬til rekneskap! Det finst ingen Gud.» Så tenkjer han alltid.

5Han har lukka med seg ¬i alt han gjer; dine domar er altfor høge ¬for han. Han blæs ¬åt alle sine motstandarar.

6Han seier med seg sjølv: «Eg skal ikkje rikkast, og aldri skal eg lida naud.»

7Hans munn er full ¬av forbanning, full av svik og vald; han har urett ¬og vondskap på tunga.

8Han ligg på lur ved gardane og drep i løynd den skuldlause. Han speidar etter ¬sitt verjelause offer;

9han ligg på lur ¬som løva i krattet og vil gripa stakkaren ¬frå sitt bakhald, fanga han og ta han i garnet.

10Han dukkar seg ned ¬og krøkjer seg saman, og den verjelause fell ¬for hans overmakt.

11«Gud gløymer,» ¬seier han med seg sjølv, «han løyner sitt andlet ¬og ser aldri.»

12Reis deg, Herre! Lyft di hand, Gud, gløym ikkje dei hjelpelause!

13Kvifor skal dei gudlause ¬vanvørda Gud og seia med seg sjølve: «Du krev ikkje til rekneskap?»

14Du ser både møde og sorg, du ser det alt ¬og tek det i di hand. Den verjelause ¬kan gje seg over til deg, for du er ein hjelpar ¬for farlause.

15Bryt armen på den ¬som er gudlaus og vond, krev han til rekneskap ¬for hans gudløyse, så ho ikkje må finnast meir.

16Herren er konge ¬for evig og alltid, framande folk ¬skal rydjast ut or hans land.

17Herre, du høyrer ¬kva dei hjelpelause ynskjer, du vender øyra til ¬og gjev dei mot.

18Dei som er farlause og trælka, hjelper du til deira rett. Menneske som er av jorda, skal ikkje lenger valda redsle.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.