Proverbs 20NO1978NN

1Vinen er ein spottar, den sterke drikk ¬ein bråkmakar, ingen som ragar av dei, er vis.

2Når kongen trugar, ¬er det som løvebrøl, den som vekkjer hans vreide, ¬set livet på spel.

3Å halda seg frå trette ¬er ei ære for mannen, men kvar dåre yppar strid.

4Den late vil ikkje pløya ¬om hausten, i skurdonna leitar han ¬fåfengt etter grøde.

5Som djupt vatn ¬er tankane i mannens hjarta, den som har vit, ¬kan ausa av dei.

6Mange ropar ¬om sin eigen truskap, men kvar finst vel ¬ein påliteleg mann?

7Rettferdig er den ¬som er heil i si ferd, og lukkelege er borna ¬etter han.

8Ein konge som sit ¬i domarsetet, skil ut alt vondt ¬med eit augnekast.

9Kven kan seia: «Eg har reinsa hjarta, eg er fri for synd»?

10To slag vekt og to slag mål er begge ein styggedom ¬for Herren.

11Alt guten syner i si ferd om livet hans vert reint og rett.

12Øyra som høyrer, ¬og auga som ser, er begge skapte av Herren.

13Er du glad i å sova, ¬då vert du fattig, opnar du augo, ¬får du deg mat.

14«Ringt, ringt,» seier kjøparen, men skryter av handelen ¬når han går bort.

15Det finst gull og perler ¬i mengd, men å tala med kunnskap ¬er ein kosteleg ting.

16Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan, ta pant hjå han for framande!

17Godt smakar brød ¬som er vunne med svik, men sidan fyllest munnen ¬med småstein.

18Når ein held råd, ¬lukkast planane; vis omtanke når du fører krig!

19Den som baktalar, ¬spreier løyndomar, gjev deg aldri i snakk ¬med ein lausmunna kar!

20Den som forbannar ¬far sin og mor si, hans lampe skal slokna ¬i tjukkaste mørkret.

21Ein arv som ein altfor tidleg riv ¬til seg, gjev inga velsigning til slutt.

22Sei ikkje: «Eg vil løna ¬vondt med vondt.» Venta på Herren, ¬så hjelper han deg!

23To slag lodd ¬er ein styggedom for Herren, falsk vekt er av det vonde.

24Det er Herren ¬som styrer mannens steg. Korleis kan mennesket ¬skjøna sin veg?

25Det er farleg ¬å lova ei heilag gåve og fyrst sidan tenkja seg om.

26Den vise kongen ¬skil ut dei gudlause og lèt hjulet rulla over dei.

27Ånda i mennesket ¬er ei Herrens lampe, ho ransakar alle kammer ¬i hjarta.

28Godleik og sanning ¬er eit vern om kongen, han stør sin kongsstol ¬på truskap.

29Styrke er ein prydnad ¬for ungdom, og grått hår ei ære ¬for den gamle.

30Flengjer og slag ¬som sårar den vonde, reinsar hans hjartekammer.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Proverbs 20.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.