Nehemiah 8NO1978NN

1samla dei seg alle som ein på torget framfor Vassporten. Dei bad Esra, den skriftlærde, henta boka med Moselova, som Herren hadde gjeve Israel.

2Og presten Esra bar fram lova for lyden, både for menn og kvinner og alle som kunne skjøna det dei høyrde. Det var den fyrste dagen i den sjuande månaden.

3Han stod på torget framfor Vassporten frå tidleg om morgonen til midt på dagen og las opp or lova for mennene og kvinnene og alle som kunne skjøna det. Og heile folket lydde vel etter det som stod i lovboka.

4Esra, den skriftlærde, stod på ein tram av tre, som dei hadde laga til det. På høgre sida hans stod Mattitja, Sjema, Anaja, Uria, Hilkia og Ma’aseja, og på venstre sida Pedaja, Misjael, Malkia, Hasjum, Hasjbaddana, Sakarja og Mesjullam.

5Esra slo opp boka så heile folket såg det; for han stod høgare enn dei andre. Med det same han opna henne, reiste alt folket seg.

6Esra lova Herren, den store Gud, og folket lyfte hendene og sa: «Amen, amen.» Så bøygde dei kne og kasta seg ned for Herren med andletet mot jorda.

7Levittane Josva, Bani, Sjerebja, Jamin, Akkub, Sjabbetai, Hodia, Ma’aseja, Kelita, Asarja, Josabad, Hanan og Pelaja la ut lova for folket medan det stod der.

8Dei las opp or Guds lovbok, stykke for stykke, og tolka det som vart lese, så folket skjøna det.

9Statthaldaren Nehemja, presten Esra, den skriftlærde, og levittane som lærte folket, sa då til folkemengda: «Denne dagen er helga til Herren dykkar Gud. Syrg ikkje og gråt ikkje!» For heile folket gret då dei høyrde det som stod i lova.

10Så sa Esra til dei: «Gå no heim, et feite retter og drikk søt vin! Send òg noko av det til dei som ingen dukar bord for. For denne dagen er helga til vår Herre. Ver ikkje sorgfulle! For gleda i Herren er dykkar styrke.»

11Levittane roa folket. «Ver stille,» sa dei, «og syrg ikkje, for dette er ein heilag dag.»

12Så gjekk alt folket bort. Dei åt og drakk, sende gåver og heldt ei stor gledehøgtid. For dei hadde skjøna det som vart sagt dei.

13Dagen etter kom ættehovdingane i heile folket og prestane og levittane saman hjå Esra, den skriftlærde. Dei ville granska nøgnare det som stod i lova.

14Då fann dei skrive i lova som Herren hadde gjeve Moses, at israelittane skulle bu i lauvhytter på høgtida i den sjuande månaden.

15Dei skulle ropa ut og gjera kjent i alle byane sine og i Jerusalem: «Gå opp i fjellet og henta lauv av edle og ville oliventre, av myrt og palme og andre lauvrike tre, og lag hytter, som skrive står!»

16Då gjekk folket ut og henta lauv, og dei laga seg hytter, kvar på sitt tak og i sitt tun. Det same gjorde dei i føregardane til Guds hus, på torget framfor Vassporten og på torget ved Efraims-porten.

17Heile lyden som var komen heim att or fangenskapet, laga lauvhytter og budde i dei. Det hadde israelittane aldri gjort frå Josva Nunssons tid og til den dagen. Og dei var jublande glade.

18Dag etter dag las Esra opp or Guds lovbok, frå den fyrste til den siste dagen. I sju dagar heldt folket helg og den åttande dagen ei høgtidssamling, som føreskrive var.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Nehemiah 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.