1Som no muren var bygd, og eg hadde sett inn dørene, vart portvaktarane, songarane og levittane sette til yrket sitt.
2Til å stå for styret i Jerusalem sette eg Hanani, bror min, og saman med han Hananja, borghovdingen. For han var ein påliteleg mann og ottast Gud meir enn dei fleste.
3Eg sa til dei: «Portane i Jerusalem skal ikkje opnast før sola står høgt på himmelen; og før sola glader, skal dørene stengjast og låsast. De skal ta nokre av Jerusalems-buane og setja dei til å halda vakt, somme på dei ulike postane og somme utanfor sine eigne hus.»
4Byen hadde vide grenser, men dei som budde der, var få, og husa var endå ikkje oppattbygde.
5Då gav Gud meg den tanken at eg skulle samla stormennene og forstandarane og alt folket, så dei kunne verta oppskrivne i ættelister. Eg fann boka med listene over dei som fyrst var komne heim, og der stod det skrive:
6Dette er dei mennene frå Judea-distriktet som kom heim att or fangenskapet i framandt land. Nebukadnesar, kongen i Babylonia, førte dei dit, og no er dei komne attende til Jerusalem og Judea, kvar til sin by.
7Dei fylgde Serubabel, Josva, Nehemja, Asarja, Ra’amja, Nahamani, Mordekai, Bilsjan, Misperet, Bigvai, Nehum og Ba’ana. Dette er talet på Israels-mennene:
8Av Parosj-ætta 2 172,
9av Sjefatja-ætta 372,
10av Arak-ætta 652,
11av Pakat-Moab-ætta, etterkomarar etter Josva og Joab, 2 818,
12av Elam-ætta 1 254,
13av Sattu-ætta 845,
14av Sakkai-ætta 760,
15av Binnui-ætta 648,
16av Bebai-ætta 628,
17av Asgad-ætta 2 322,
18av Adonikam-ætta 667,
19av Bigvai-ætta 2 067,
20av Adin-ætta 655,
21av Ater-ætta, etterkomarar etter Hiskia, 98,
22av Hasjum-ætta 328,
23av Besai-ætta 324,
24av Harif-ætta 112.
25Frå Gibeon 95 menn,
26frå Betlehem og Netofa 188,
27frå Anatot 128,
28frå Bet-Asmavet 42,
29frå Kirjat-Jearim, Kefira og Be’erot 743,
30frå Rama og Geba 621,
31frå Mikmas 122,
32frå Betel og Ai 123,
33frå det andre Nebo 52,
34av den andre Elam-ætta 1 254,
35av Harim-ætta 320,
36frå Jeriko 345,
37frå Lod, Hadid og Ono 721,
38av Sena’a-ætta 3 930.
39Prestane: Av Jedaja-ætta, etterkomarar etter Josva, 973,
40av Immer-ætta 1 052,
41av Pasjkur-ætta 1 247,
42av Harim-ætta 1 017.
43Levittane: Av Josva-ætta, etterkomarar etter Kadmiel, av Hodavja-sønene, 74.
44Songarane: Av Asaf-ætta 148.
45Portvaktarane: Av ættene Sjallum, Ater, Talmon, Akkub, Hatita og Sjobai 138.
46Tempeltenarane: Av ættene Sika, Hasufa, Tabbaot,
47Keros, Sia, Padon,
48Lebana, Hagaba, Sjalmai,
49Hanan, Giddel, Gahar,
50Reaja, Resin, Nekoda,
51Gassam, Ussa, Paseak,
52Besai, Maon, Nafus,
53Bakbuk, Hakufa, Harhur,
54Baslit, Mekida, Harsja,
55Barkos, Sisera, Tamak,
56Nesiak og Hatifa.
57Etterkomarane etter Salomos tenarar: ættene Sotai, Soferet, Perida,
58Ja’ala, Darkon, Giddel,
59Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Amon.
60Tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar var i alt 392.
61Dette er dei som kom heim att frå Tel-Melak, Tel-Harsja, Kerub, Addon og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til:
62Av ættene Delaja, Tobia og Nekoda 642,
63og av prestane: etterkomarane etter Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og fått namn etter dei.
64Dei leita etter namna sine i ættelistene, men fann dei ikkje. Difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestetenesta.
65Statthaldaren forbaud dei å eta av den høgheilage maten til det stod fram ein prest som kunne bruka urim og tummim.
66Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360,
67forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. Det var òg 245 songarar og songarinner.
68Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,
69435 kamelar og 6 720 esel.
70Nokre av ættehovdingane kom med gåver til tempeltenesta. Statthaldaren gav 1 000 gulldrakmar, 50 offerskåler, 30 presteskrud og 500 sølvminer til tempelkassa.
71Andre ættehovdingar la 20 000 gulldrakmar og 2 200 sølvminer i arbeidskassa.
72Resten av folket gav 20 000 gulldrakmar, 2 000 sølvminer og 67 presteskrud.
73Prestane, levittane, portvaktarane og songarane busette seg i byane sine. Det same gjorde nokre av folket, tempeltenarane og alle dei andre israelittane. Då den sjuande månaden kom, og israelittane budde i byane sine,