Nehemiah 2NO1978NN

1Ein dag i nisan månad, i det tjuande året Artaxerxes var konge, vart det sett fram vin for kongen, og eg tok og rette han vinen. Eg hadde aldri før sett sturen ut når eg stod framfor kongen.

2Då sa han til meg: «Kvifor er du så sturen? Du er då ikkje sjuk. Dette kan ikkje vera anna enn hjartesut.» Då vart eg svært redd

3og sa til kongen: «Gjev kongen må leva evig! Lyt eg ikkje vera sturen når den byen der fedrane mine er gravlagde, ligg i røys, og portane er brende?»

4Kongen spurde: «Kva er det du ynskjer?» Då bad eg til Gud i himmelen,

5og eg sa til kongen: «Om kongen så synest, og du har godvilje for tenaren din, så lat meg få fara til Judea, til den byen der fedrane mine er gravlagde, så eg kan byggja han opp att.»

6Då spurde kongen meg, medan dronninga sat attmed han, kor lenge ferda ville vara, og når eg kom att. Eg nemnde ei viss tid, og kongen tykte vel om dette og gav meg lov til å fara.

7Så sa eg til kongen: «Om kongen går med på det, så lat meg få med brev til statthaldarane vestanfor Eufrat, så dei lèt meg fara gjennom landa sine til Judea.

8Eg bed òg om brev til Asaf, han som har tilsyn med skogane åt kongen, at han gjev meg tømmer til bjelkar i portane som fører inn til tempelborga, til bymuren og til det huset eg skal bu i.» Og kongen gav meg det. For min Gud heldt si gode hand over meg.

9Så kom eg til statthaldarane vestanfor elva og gav dei breva frå kongen. Han hadde òg sendt hærførarar og hestfolk med meg.

10Men då Sanballat frå Bet-Horon og Tobia, tenestemannen frå Ammon, fekk høyra dette, vart dei arge. Dei tykte det var harmeleg at det hadde kome ein mann som ville stella det godt for israelittane.

11Då eg kom til Jerusalem, heldt eg meg i ro i tre dagar.

12Men så stod eg opp om natta og tok med meg nokre få menn. Eg hadde ikkje nemnt for eit menneske kva Gud hadde gjeve meg hug til å gjera for Jerusalem. Eg tok heller ikkje med meg andre dyr enn det eg reid på.

13Midt på natta drog eg ut gjennom Dalporten, framom Drakekjelda og til Oskeporten. Eg såg på Jerusalems murar som var nedrivne, og på portane som var brende.

14Så reid eg over til Kjeldeporten og til Kongedammen. Men der var det ikkje råd for dyret å koma fram med meg.

15Same natta fór eg opp gjennom dalen og såg på muren, men snudde så om og kom attende gjennom Dalporten.

16Forstandarane visste ikkje kvar eg hadde vore, eller kva eg tok meg føre. For eg hadde endå ikkje nemnt noko om dette til jødane, korkje til prestane eller stormennene, forstandarane eller dei andre som hadde med arbeidet å gjera.

17Men no sa eg til dei: «De ser sjølve kor ille det står til med oss. Jerusalem ligg i røys, og portane er brende. Kom, lat oss byggja opp att muren kring Jerusalem, så vi ikkje lenger skal vera til spott og spe.»

18Og eg fortalde dei korleis min Gud hadde halde si gode hand over meg, og kva kongen hadde sagt til meg. Då sa dei: «Vi vil gå i gang og byggja!» Og dei tok fatt på det gode verket med full kraft.

19Men då Sanballat frå Bet-Horon, Tobia, tenestemannen frå Ammon, og Gesjem frå Arabia fekk høyra det, spotta og vanvørde dei oss. Dei sa: «Kva er det de gjer? Vil de gjera opprør mot kongen?»

20Då svara eg: «Gud i himmelen, han vil la det lukkast for oss, og vi som tener han, vil gå i gang og byggja. Men de har ingen del og ingen rett i Jerusalem, og de skal ikkje få noko ettermæle der.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Nehemiah 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.