Nehemiah 1NO1978NN

1Soga åt Nehemja, son til Hakalja: I det tjuande året, i kislev månad, medan eg var i Susa-borga,

2kom Hanani, ein av frendane mine, og nokre andre menn frå Juda. Eg spurde dei då korleis det stod til med dei jødane som hadde vore i fangenskap, men no var heimkomne, og korleis det stod til i Jerusalem.

3Dei svara: «Dei som slapp ut or fangenskapet, og som no bur der i landet, lever i stor naud og vanære. Muren kring Jerusalem er nedriven, og portane er brende.»

4Då eg høyrde dette, sette eg meg ned og gret. Eg syrgde i fleire dagar og fasta og bad til Gud i himmelen.

5Eg sa: Å Herre, Gud i himmelen, du store og agelege Gud, du som held di pakt og gjer vel mot dei som elskar deg og held dine bod!

6Lat øyra ditt vera grannhøyrt og augo dine opne, så du høyrer bøna åt tenaren din, den som eg bed til deg både dag og natt for israelittane, tenarane dine. Eg sannar dei synder som vi israelittar har gjort mot deg. Både eg og farsætta mi har synda.

7Vi har bore oss ille åt mot deg og ikkje halde dei bod og føresegner og lover som du gav Moses, tenaren din.

8Kom i hug det ordet du tala til Moses, tenaren din, då du sa: «Er de trulause, vil eg spreia dykk mellom folka.

9Men vender de om til meg og held boda mine og lever etter dei, då skal eg samla dykk, om de så er bortdrivne til verdsens ende, og føra dykk til den staden eg har valt til bustad åt namnet mitt.»

10Dei er då tenarane dine og folket ditt, som du har fria ut med di store kraft og di sterke hand.

11Å Herre, høyr bøna åt tenaren din og tenarane dine, som gjerne vil ottast namnet ditt. Lat tenaren din ha lukka med seg i dag, og lat meg møta miskunn hjå denne mannen! Då dette hende, var eg munnskjenkjar hjå kongen.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Nehemiah 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.