Nehemiah 11NO1978NN

1Stormennene i folket busette seg i Jerusalem. Resten av folket kasta lodd om kvar dei skulle bu. Ein tiandepart skulle bu i Jerusalem, den heilage byen, og ni tiandepartar i dei andre byane.

2Og folket rosa alle dei mennene som var viljuge til å busetja seg i Jerusalem.

3Dette er dei hovdingane i landet som budde i Jerusalem, medan resten av folket og prestane, levittane, tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar budde i byane i Judea, kvar på sin eigedom og i sin by.

4I Jerusalem budde nokre som høyrde Juda-ætta og Benjamins-ætta til. Av Juda-ætta: Ataja, son til Ussia, son til Sakarja, son til Amarja, son til Sjefatja, som var son til Mahalalel, ein av etterkomarane etter Peres,

5og Ma’aseja, son til Baruk, son til Kol-Hose, son til Hasaja, son til Adaja, son til Jojarib, som var son til Sakarja, ein etterkomar etter Sjela.

6I Jerusalem budde det i alt 468 våpenføre menn av Peres-ætta.

7Av Benjamins-ætta: Sallu, son til Mesjullam, son til Joed, son til Pedaja, son til Kolaja, son til Ma’aseja, son til Itiel, som var son til Jesaja,

8og så Gabbai og Sjallai, i alt 928 menn.

9Joel, son til Sikri, var tilsynsmannen deira, og Juda, son til Hassenua, var den nest øvste leiaren i byen.

10Av prestane: Jedaja, son til Jojarib, Jakin

11og Seraja, son til Hilkia, son til Mesjullam, son til Sadok, son til Merajot, som var son til Akitub, forstandaren for Guds hus,

12og brørne deira som gjorde teneste i templet, 822 i talet, og Adaja, son til Jeroham, son til Pelalja, son til Amsi, son til Sakarja, son til Pasjkur, son til Malkia,

13og brørne hans, som var ættehovdingar, 242 i talet, og Amasai, son til Asarel, son til Aksai, son til Mesjillemot, som var son til Immer,

14og brørne hans, i alt 128 våpenføre menn. Sabdiel, son til Haggedolim, var tilsynsmannen deira.

15Av levittane: Sjemaja, son til Hasjub, son til Asrikam, son til Hasjabja, son til Bunni,

16og Sjabbetai og Josabad, som begge var levitthovdingar og stod for dei ytre gjeremål ved Guds hus,

17Mattanja, son til Mika, son til Sabdi, son til Asaf, songmeisteren som røysta i med lovsongen når dei bad, Bakbukja, som kom nest etter han av brørne hans, og Abda, son til Sjammua, son til Galal, son til Jeditun.

18I alt var det 184 levittar i den heilage byen.

19Av portvaktarane: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portane, i alt 172.

20Resten av israelittane, prestane og levittane budde i alle dei andre byane i Judea, kvar på sin eigedom.

21Tempeltenarane budde på Ofel, og Sika og Gisjpa hadde tilsyn med dei.

22Tilsynsmenn for levittane i Jerusalem var Ussi, son til Bani, son til Hasjabja, son til Mattanja, son til Mika, ein av etterkomarane etter Asaf, dei som song når det vart halde gudsteneste i Guds hus.

23For kongen hadde gjeve føresegn om songarane og fastsett kva dei skulle gjera kvar dag.

24Kongens rådgjevar i alle saker som galdt folket, var Petakja, son til Mesjesabel, ein av etterkomarane etter Serah, son til Juda.

25Nokre av dei som høyrde Juda-ætta til, budde i landsbyar med marker ikring: i Kirjat-Arba og byane der ikring, i Dibon og byane der ikring, i Jekabse’el og landsbyane som høyrer til,

26i Jesjua, Molada og Bet-Pelet,

27i Hasar-Sjual, i Be’er-Sjeba og byane der ikring,

28i Siklag, i Mekona og byane der ikring,

29i En-Rimmon, Sora og Jarmut,

30i Sanoah, i Adullam og landsbyane som høyrer til, i Lakisj med markene ikring, i Aseka og byane der ikring. Såleis hadde dei bustadene sine frå Be’er-Sjeba til Hinnom-dalen.

31Dei som høyrde Benjamins-ætta til, budde i Geba, Mikmas og Ajja og i Betel og byane der ikring,

32i Anatot, Nob og Ananja,

33i Hasor, Rama og Gittajim,

34i Hadid, Sebo’im og Neballat,

35i Lod, Ono og Ge-Harasjim.

36Av levittane var det nokre skift frå Judea som kom til å bu i Benjamin.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Nehemiah 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.