Nahum 3NO1978NN

1Ve den blodige byen! Han er full av lygn og vald, aldri held han opp å røva.

2Høyr svepesmell ¬og ramling av hjul, hestar i tvisprang ¬og slingrande vogner,

3ryttarar som stormar fram. Lynande sverd ¬og blinkande spyd, mengder av drepne, ¬haugar av lik, ingen ende på falne kroppar – ein snåvar i lik.

4Og dette hender på grunn av all den utukt ¬ho dreiv, den fagre ¬og trollkunnige skjøkja. Ho gjorde folkeslag til trælar ¬med si utukt og trælbatt heile ætter ¬med si trolldomskunst.

5Sjå, eg kjem over deg, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Eg lyfter stakken opp ¬for ditt andlet og viser folka din nakenskap og rika di skam.

6Eg kastar skit på deg, vanærar deg ¬og syner deg fram.

7Alle som ser deg, ¬skal røma frå deg og seia: «Ninive er herja, kven har medkjensle ¬med henne?» Kvar skal eg leita etter trøystarar til deg?

8Er du betre enn No-Amon, som låg ved Nilen, ¬med vatn ikring, som hadde hav ¬til festningsvoll og vatn til mur?

9Byen fekk sin store styrke frå Nubia og Egypt. Put og Libya kom han ¬til hjelp.

10Folket der ¬vart likevel bortført, det laut fara i fangenskap. Jamvel småborna deira ¬vart knuste på alle gatehjørne. Om adelsmenn ¬vart det kasta lodd, og alle stormenn ¬vart lagde i lekkjer.

11Du òg skal verta drukken og gå frå sans og samling. Du òg må søkja vern ¬mot fienden.

12Alle dine festningar er som fikentre ¬med tidlegfrukt. Ved minste risting ¬dett dei ned i munnen på den som vil eta.

13Sjå, ditt krigsfolk ¬er som kvinner. Portane i landet ditt står vidopne for fienden. Eld har øydt ¬dine portbommar.

14Aus opp vatn ¬før du vert kringsett, set borgene i stand! Trakka gjørme, stampa leire, ta mursteinsforma fram!

15Du skal øydast av eld, sverdet skal rydja deg ut, liksom grashoppelarva ¬eta deg opp. Vert mange ¬som grashoppelarver, tallause ¬som ein grashoppesverm!

16Dine kjøpmenn er fleire ¬enn stjernene på himmelen. Larvene kastar hamen og flyg.

17Dine oppsynsmenn ¬er tallause som grashopper, du har ein sverm av skrivarar. Dei slår seg ned på muren når dagen har svalna; når sola renn, flyg dei bort, og ingen veit kvar dei er.

18Dine hovdingar blundar, ¬du Assur-konge, dine stormenn søv. Ditt folk er spreitt på fjella, og ingen samlar det inn.

19Det finst ikkje lindring ¬for din skade, ulækjande er ditt sår. Alle som får høyra om deg, skal klappa i hendene. For kven har ikkje ¬gong på gong fått smaka din vondskap?

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Nahum 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.