Habakkuk 1NO1978NN

1Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine.

2Kor lenge, Herre, skal eg ropa utan at du gjev meg svar, klaga og skrika til deg om vald utan at du frelser?

3Kvifor lèt du meg sjå urett og vera vitne til ulukke? Eg ser berre øyding og vald, det kjem til strid og trette.

4Difor er lova maktlaus, og retten vinn ikkje fram. For gudlause kringset ¬dei rettvise, og dermed vert retten rengd.

5Gjev akt på folka, sjå dykk om, mållause av undring! For ei gjerning gjer eg ¬i dykkar dagar – de ville ikkje tru det ¬om det vart fortalt!

6Sjå, eg vekkjer kaldearane, det harde og framfuse folket, som fer så vide ikring på jorda og tek framande bustader ¬i eige.

7Grufulle og skræmande er dei, dei avgjer sjølve sin rett ¬og si ære.

8Deira hestar er raskare ¬enn leopardar, snøggare spring dei ¬enn steppeulvar. Deira hestfolk kjem ¬i strykande tan, deira ridehestar ¬frå land langt borte. Som ørna på jakt etter føde

9kjem dei alle ¬og vil gjera valdsverk. Stridslystne går dei på, dei samlar fangar som sand.

10Dei spottar kongar og har hovdingar til lått. Dei ler åt kvar festning, kastar opp ein voll ¬og tek henne.

11Så fer dei sin veg ¬og vert borte som vinden. Dei gjer sin eigen styrke ¬til sin gud.

12Er ikkje du frå gamal tid, Herre, min heilage Gud, ¬du som aldri døyr? Du, Herre, ¬har sett dei til å straffa, du, vårt berg, ¬har sendt dei til å tukta.

13Augo dine er for reine ¬til å sjå på det vonde, og ulukke orkar du ikkje ¬å skoda. Kvifor har du tol ¬med dei trulause og teier når gudlause sluker dei som er rettferdigare ¬enn dei sjølve?

14Du gjer med mennesket ¬som med fisken i sjøen, som med kreket utan herre.

15Dei dreg dei alle opp ¬med krok, og halar dei inn med not, dei samlar dei i garnet. Difor er dei jublande glade.

16Difor ofrar dei til nota og brenner røykjelse ¬for garnet. For feit er fangsten ¬som desse gjev dei, og nærande er føda.

17Skal dei då alltid få tøma nota og utan skånsel ¬gjera ende på folkeslag?

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Habakkuk 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.