Habakkuk 2NO1978NN

1No vil eg stå på vakt, stella meg på post og speida og sjå kva han vil tala til meg, kva han vil svara ¬på mitt klagemål.

2Då gav Herren meg ¬dette svaret: Skriv synet opp, rita det inn på tavler, så folk kan lesa det lett!

3For synet ventar på si tid, det jagar mot enden ¬og slår ikkje feil. Og om det dryer, ¬så venta berre! Det kjem for visst, ¬det vert ikkje borte.

4Sjå, frekk og uærleg er han. Men den rettferdige ¬skal leva ved si tru.

5Rikdomen skal svikta ¬den stolte, han skal ikkje nå sitt mål. Som dødsriket ¬spilar han opp sitt gap, umettande er han som døden. Han sopar til seg alle folk og samlar folkeslaga til seg.

6Alle desse skal setja i med ei nidvise om han, ein song full av spottord og seia: «Ve den som samlar ¬det andre eig – kor lenge? – som sopar til seg pantegods!»

7Dine kravsmenn ¬reiser seg brått, dei som vil pressa deg, vaknar. Då skal du verta eit rov for dei,

8fordi du har plyndra ¬mange folk. Alle andre folk ¬skal plyndra deg fordi du tok menneskeblod, gjorde vald mot landet, mot byen og alle som bur der.

9Ve den som samlar ¬urett vinning i sitt hus, fordi han vil leggja ¬reiret sitt høgt og berga seg frå ulukkehanda!

10Du har lagt planar ¬til skam for ditt hus og gjort ende på mange folk; du har forbrote ditt liv.

11For steinen i muren skal ropa og bjelken i treverket svara.

12Ve den som byggjer ein by ¬med bloddåd og reiser ei borg med urett

13– kjem ikkje dette frå Herren, ¬Allhærs Gud? – så folka må streva for elden og folkeslaga slita for inkje!

14For jorda skal fyllast med kunnskap ¬om Herrens herlegdom, liksom vatnet ¬dekkjer havsens botn.

15Ve den som skjenker sin neste, som blandar gift i drikken, ja, gjer han drukken, så han kan sjå ¬hans nakne kropp.

16Du vert mett av skam ¬og ikkje av ære. Så drikk du òg, og rag ikring! Staupet i Herrens høgre hand skal koma til deg, og di ære skal gøymast ¬av skam.

17Di valdsferd mot Libanon skal koma over deg sjølv. Du skal knusast fordi du mishandla dyr, fordi du rende ut ¬menneskeblod og gjorde vald mot landet, mot byen og alle som bur der.

18Kva gagnar eit gudebilete, om det er skore av ein meister? Kva gagnar eit støypt bilete, som gjev falske svar, om meisteren lit på sitt verk, dei mållause gudane ¬han har laga?

19Ve den som seier til stokken: ¬«Vakna!» – til ein mållaus stein: ¬«Stå opp!» Skulle han gje rettleiing? Visst er han kledd i gull ¬og sølv, men ånd er det ikkje i han.

20Herren er i sitt heilage tempel; ver still for han, all jorda!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Habakkuk 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.