Nahum 1NO1978NN

1Domsord mot Ninive. Boka om dei synene Nahum frå Elkosj fekk.

2Ein brennhuga, ¬hemnande Gud er Herren, ja, ein hemnar er Herren ¬og full av harme. Herren hemner seg ¬på sine motstandarar, han held på vreiden ¬mot sine fiendar.

3Herren er langmodig. Men hans kraft er stor, og han lèt ikkje vera å straffa. Gjennom storm og uver ¬går hans veg, skyer er støvet under hans fot.

4Han trugar havet ¬og turkar det ut, alle elvar legg han turre. Basan og Karmel visnar bort, Libanons blomeprakt døyr.

5Fjella skjelv for han, haugane skjek og rivnar. Jorda bivrar for han, verda og alle som bur der.

6Kven kan stå seg ¬for hans harme, kven held ut ¬hans brennande vreide? Hans harme strøymer fram ¬som eld, og knausane styrtar saman ¬for han.

7Herren er god, eit vern i naud. Han tek seg av dei ¬som tyr til han.

8Men med veldig flaum gjer han ende på ¬sine motstandarar; sine fiendar jagar han ut ¬i mørkret.

9Kva emnar de på mot Herren, han som reint kan gjera ende ¬på dykk? Nauda kjem ikkje ein gong til.

10Som ihopfletta tornebusker, som eit knippe med kvister, som turr halm ¬skal dei brenna opp.

11Frå deg gjekk det ut ¬ein mann som emna på vondskap ¬mot Herren og hadde vondt i tankar.

12Så seier Herren: Om dei er aldri så sterke ¬og mange, skal dei hoggast ned ¬og verta borte. Og om eg har plaga deg, skal eg ikkje gjera det meir.

13No vil eg bryta det åk ¬han la på deg, og slita sund dine lekkjer.

14Men dette er Herrens påbod ¬om deg: Ditt namn skal ikkje ¬leva lenger. Eg vil rydja ut or ditt gudshus både utskorne ¬og støypte gudebilete. Eg vil laga ei grav åt deg, for du er funnen for lett.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Nahum 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.