Micah 7
1 Ve meg! Det har gått meg så som når ein haustar ¬inn frukt og driv med ettersanking ¬av druer: Det finst ikkje ei drue å eta, ikkje ein fiken eg har hug på.
2 Det finst ingen from meir ¬i landet, ingen rettvis mellom folk. Alle ligg dei på lur etter blod, kvar ein vil fanga sin neste ¬i garnet.
3 Dei er glupe til å gjera vondt. Hovdingane kjem med krav, og domarane vil ha betaling. Stormannen set fram ¬sine ynske, og så snur dei saka som dei vil.
4 Den beste av dei ¬er som ein klunger, den ærlegaste ¬verre enn ein klungerhekk. Det kjem ein dag ¬for dine vektarar når du skal krevjast ¬til rekneskap. Då vert dei redde og rådlause.
5 Tru ikkje på frenden din, set ikkje lit til venen din! Vakta munnen ¬for henne du tek i famn!
6 For ein son vanvørder far sin, ei dotter set seg opp ¬mot mor si, ei sonekone mot vermor si. Og ein manns husfolk ¬er hans fiendar.
7 Men eg vil speida etter Herren, venta på Gud som frelser meg. Min Gud vil høyra meg!
8 Gled deg ikkje over meg, ¬min fiende, for om eg fell, reiser eg meg att. Og sit eg i mørker, ¬er Herren mitt ljos.
9 Herrens vreide må eg bera fordi eg har synda mot han, til dess han tek opp mi sak og syter for at eg får rett. Han skal føra meg ut i ljoset, og eg skal sjå hans rettferd.
10 Mine fiendar skal sjå det og raudna av skam, dei som sa til meg: «Kvar er Herren din Gud?» Eg skal fylgja dei med augo når dei vert nedtrakka ¬som avfall i gata.
11 Ein dag skal dei byggja ¬dine murar og gjera dine grenser vide.
12 Den dagen skal dei koma ¬til deg frå Assur og Egyptarland, frå Egypt til Eufrat, frå hav til hav ¬og frå fjell til fjell.
13 Då skal jorda verta ei audn på grunn av dei som bur der, og det som dei har gjort.
14 Vakta folket ditt ¬med staven din, den flokken ¬som er din eigedom, som ligg åleine i skogen med grøderike marker ikring. Lat dei få beita ¬i Basan og Gilead, som dei gjorde i gamle dagar.
15 Lat oss få sjå storverk som då du drog ut or Egypt.
16 Folka skal sjå det ¬og skjemmast, endå så mektige dei er. Dei må leggja handa ¬på munnen og stå med døve øyro.
17 Lat dei slikka støv ¬som ormen, lik dyr som kryp på jorda. Skjelvande skal dei koma ¬frå sine gøymsler fram for Herren vår Gud. Lat dei gripast av redsle ¬og ottast deg!
18 Kven er ein Gud som du, som tek bort skuld ¬og tilgjev brot for resten av sitt eige folk? Han held ikkje evig fast ¬på vreiden, for han har hug til miskunn.
19 Herren skal atter ¬miskunna oss og trø våre misgjerningar ¬under fot. Du skal kasta ¬alle våre synder ned i havsens djup.
20 Så vis då truskap mot Jakob og miskunn mot Abraham, så som du høgtideleg lova våre fedrar i gamle dagar.