Mark 12NO1978NN

1Så tok han til å tala til dei i likningar: «Det var ein gong ein mann som planta ein vingard. Han sette gjerde kringom, grov ut ei vinpresse og bygde eit vakttårn. Så leigde han hagen bort til nokre vindyrkarar og drog ut or landet.

2Då tida kom, sende han ein tenar til paktarane og ville få sin del av avlinga.

3Men dei greip tenaren og slo han og sende han tomhendt bort.

4Sidan sende eigaren ein annan tenar til dei; han slo dei i hovudet og spotta han.

5Då sende han endå ein, og han slo dei i hel. Såleis gjekk det med mange: Somme skamslo dei, og somme drap dei.

6No hadde han ein einaste att, son sin, som han heldt så av. Til sist sende han sonen til dei; for han tenkte: Son min har dei nok age for.

7Men vindyrkarane sa til kvarandre: Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, så vert arven vår.

8Så tok dei han og slo han i hel og kasta han ut or vingarden.

9Kva skal no vingardsherren gjera? Han skal koma og gjera ende på desse paktarane og la andre få vingarden.

10Har de ikkje lese dette ordet i Skrifta: Den steinen bygningsmennene ¬vraka, har vorte hjørnestein.

11Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo.»

12Då ville dei gjerne ha gripe han, for dei skjøna at det var dei han sikta til med likninga si. Men dei torde ikkje for folket. Difor lét dei han vera og gjekk sin veg.

13Sidan sende dei nokre av farisearane og herodianarane som skulle fanga han i ord.

14Dei kom og sa til han: «Meister, vi veit at du er ærleg og ikkje bryr deg om kva andre meiner. For du gjer ikkje skil på folk, men lærer i sanning Guds veg: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? Skal vi gjera det, eller skal vi la vera?»

15Men Jesus merka hyklarskapen deira og sa til dei: «Kvifor set de meg på prøve? Kom med ein denar, og lat meg få sjå han!»

16Dei gav han ein, og han spurde: «Kven sitt bilete og namn er dette?» «Keisarens,» svara dei.

17Då sa Jesus til dei: «Så gjev då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!» Og dei undra seg svært over han.

18Så kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:

19«Meister, Moses har gjeve oss denne føresegna: Om ein mann døyr og lèt etter seg kone, men ikkje born, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin.

20No var det sju brør; den eldste tok seg ei kone, men døydde utan å etterlata seg born.

21Så gifte den andre seg med henne; han òg døydde barnlaus, og den tredje like eins.

22Ingen av dei sju lét etter seg born. Sist av dei alle døydde kvinna.

23Men i oppstoda, når dei står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har då vore gifte med henne.»

24Jesus sa til dei: «De fer vilt! Og gjer de ikkje det fordi de korkje kjenner skriftene eller Guds makt?

25For når dei døde står opp, gifter dei seg ikkje og vert ikkje bortgifte; dei er som englane i himmelen.

26Men at dei døde står opp, det har de vel lese om i Moseboka? I forteljinga om klungeren seier Gud til Moses: Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.

27Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. De tek heilt i miss.»

28Ein skriftlærd som hadde høyrt på dette ordskiftet, skjøna at Jesus hadde svara dei godt. No kom han og spurde: «Kva for eit bod er det fyrste av alle?»

29Jesus svara: «Dette er det fyrste bodet: Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin;

30og du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.

31Det andre er dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv. Noko større bod enn desse finst ikkje.»

32Den skriftlærde sa til han: «Vel tala du, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han.

33Å elska han av heile sitt hjarta og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og andre offer.»

34Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til han: «Du er ikkje langt borte frå Guds rike.» Og ingen våga å spørja han meir.

35Ein gong medan Jesus lærte på tempelplassen, sa han: «Korleis kan dei skriftlærde seia at Messias er Davids son?

36For sjølv seier David, driven av Den Heilage Ande: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar under dine føter.

37Når David kallar Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?» Den store folkehopen høyrde gjerne på Jesus.

38Og medan han lærte dei, sa han: «Ta dykk i vare for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå ikring i side kapper og likar at folk helsar dei på torget.

39Dei vil sitja fremst i synagogene og ha heidersplassane i gjestebod.

40Dei slår under seg husa åt enkjer og held lange bøner for syn skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»

41Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje.

42Så kom det ei fattig enkje og la to småmyntar; det er ein øre.

43Då kalla han læresveinane til seg og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista.

44For dei gav alle av si overflod, men ho gav av si fattige råd, alt det ho åtte, alt det ho skulle leva av.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Mark 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.