Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

Mark 11

:
Norwegian - NO1978NN
1 dei var komne til Betfage og Betania ved Oljeberget og ikkje hadde langt att til Jerusalem, sende Jesus to av læresveinane i veg
2 og sa til dei: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk! Med det same de kjem inn der, finn de ein eselfole som står bunden, og som det aldri har sete menneske på. Den skal de løysa og koma hit med.
3 Og er det nokon som spør: Kva er det de gjer? skal de svara: Herren har bruk for han, og sender han straks attende.»
4 gjekk dei og fann folen; han stod bunden ute i gata attmed ei dør, og dei løyste han.
5 Nokre som stod der, sa til dei: «Kva er det de gjer? Løyser de folen?»
6 Dei svara som Jesus hadde sagt, og fekk dei gå.
7 kom dei til Jesus med folen og la kappene sine han, og Jesus sette seg oppå.
8 Mange breidde kappene sine vegen, andre strøydde lauvgreiner som dei hadde hogge ute markene.
9 Og dei som gjekk føre, og dei som fylgde etter, ropa: Hosianna! Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn!
10 Velsigna vere vår far ¬Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste!
11 Han kom inn i Jerusalem og gjekk opp tempelplassen. Der såg han seg ikring alle stader, men det tok til å kvelda, drog han ut til Betania med dei tolv.
12 Dagen etter, dei gjekk frå Betania, vart Jesus svolten.
13 Langt borte såg han eit fikentre med lauv på; han gjekk dit og ville sjå om han kunne finna frukt det. Men han kom bortåt, fann han berre lauv; for det var ikkje tid for fiken.
14 sa han til treet: «Aldri meir skal nokon eta frukt av deg.» Og det høyrde læresveinane hans.
15 dei kom til Jerusalem, gjekk Jesus inn tempelplassen og tok til å jaga ut dei som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer,
16 og han gav ingen lov til å bera noko over tempelplassen.
17 Og han lærte dei: «Står det ikkje skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folkeslag? Men de har gjort det til ei røvarhole.»
18 Overprestane og dei skriftlærde fekk høyra dette, og dei freista finna ei råd til å rudt han or vegen. For dei var redde han, av di heile folket var gripe av læra hans.
19 det vart kveld, gjekk Jesus og læresveinane hans ut or byen.
20 Tidleg om morgonen gjekk dei framom fikentreet, og fekk dei sjå at det hadde turka radt ifrå rota.
21 Peter kom i hug det som hadde hendt, og sa til Jesus: «Rabbi, sjå fikentreet som du bannstøytte! Det har turka.»
22 Men Jesus svara dei: «Ha tru til Gud!
23 Sanneleg, det seier eg dykk: Om nokon seier til dette fjellet: Lyft deg opp og kast deg i havet, og han ikkje har tvil i hjarta, men trur det vil som han seier, skal det som han vil.
24 Difor seier eg dykk: Alt det de bed om i bønene dykkar tru at de har fått det, og de skal det.
25 Men når de står og bed, og har noko å klaga ein annan for, de tilgje han. skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar.
26 Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar.»
27 Dei kom atter til Jerusalem. Og medan Jesus gjekk ikring tempelplassen, kom overprestane, dei skriftlærde og dei eldste til han
28 og sa: «Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til å gjera det?»
29 Jesus sa til dei: «Eg har òg noko eg vil spørja dykk om. Svar meg det, skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.
30 Var Johannes-dåpen frå himmelen eller frå menneske? Svar meg det!»
31 Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: Frå himmelen, vil han seia: Kvifor trudde de han ikkje?
32 Eller skal vi svara: Frå menneske?» Men det torde dei ikkje for folket, for alle meinte at Johannes verkeleg var ein profet.
33 Difor svara dei: «Det veit vi ikkje.» sa Jesus til dei: «Så seier heller ikkje eg dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.»