Luke 22NO1978NN

1No leid det til usyrdebrødshelga, som dei òg kallar påske.

2Overprestane og dei skriftlærde leita etter eit høve til å rydja Jesus or vegen, for dei var redde folket.

3Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og var ein av dei tolv.

4Han gjekk av stad og tala med overprestane og hovdingane for tempelvakta om korleis han kunne gje Jesus i deira hand.

5Dei vart glade og lova å gje han pengar.

6Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus ein gong han ikkje hadde folket ikring seg.

7Så kom den dagen i usyrdebrødshelga då påskelammet skulle slaktast.

8Då sende Jesus Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og stell til for oss, så vi kan halda påskemåltid.»

9«Kvar vil du vi skal stella det til?» spurde dei.

10Han svara: «Når de kjem inn i byen, møter de ein mann som ber ei krukke med vatn. Han skal de fylgja til det huset han går inn i,

11og så skal de seia til han som eig huset: Meisteren spør: Kvar er romet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine?

12Då skal han syna dykk ein sal ovanpå med benker og puter. Der skal de stella til.»

13Så gjekk dei og fann det så som han hadde sagt, og dei stelte til påskemåltidet.

14Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han.

15Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida.

16For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.»

17Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk.

18For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.»

19Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.»

20Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.

21Men sjå, han som svik meg, held handa si på bordet saman med meg.

22Menneskesonen går nok bort, som det er fastsett, men ve det mennesket som svik han!»

23Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.

24No vart det ein strid mellom dei om kven som skulle gjelda for den største.

25Då sa Jesus til dei: «Kongane er herrar over folka sine, og dei som rår over dei, vert kalla velgjerarar.

26Men slik er det ikkje hjå dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren.

27For kven er størst, den som sit til bords eller den som ber på bordet? Er det ikkje den som sit til bords? Men eg er som ein tenar mellom dykk.

28De er dei som har halde ut hjå meg i prøvingane mine.

29Og no overlèt eg riket til dykk, liksom Far min har overlate det til meg:

30De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike, og sitja på troner og styra dei tolv Israels-ættene.

31Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite.

32Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine.»

33«Herre,» sa Peter, «med deg er eg budd til å gå både i fengsel og i døden.»

34Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»

35Så sa han til dei: «Då eg sende dykk i veg utan pung eller skreppe eller skor, vanta de då noko?» «Nei, ingen ting,» svara dei.

36«Men no,» sa han, «må den som har pung, ta han med, og like eins den som har skreppe; og den som ikkje har sverd, får selja kappa si og kjøpa seg eit.

37For eg seier dykk at det lyt oppfyllast på meg, det ordet som står skrive: Han vart rekna mellom brotsmenn. For det som er fastsett om meg, skal no henda.»

38Då sa dei: «Herre, sjå her er to sverd.» «Det er nok!» svara han.

39Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han hadde for vane, og læresveinane fylgde han.

40Då han kom dit, sa han til dei: «Bed at de ikkje må koma i freisting!»

41Han gjekk frå dei, så langt som eit steinkast, og la seg på kne og bad:

42«Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»

43Då synte ein engel frå himmelen seg for han og styrkte han.

44Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg; og sveitten hans vart som bloddropar, som fall på jorda.

45Då han reiste seg etter bøna og kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, fulle av sorg.

46«Korleis kan de sova?» sa han. «Reis dykk, og bed at de ikkje må koma i freisting!»

47Før han hadde tala ut, kom det ein stor flokk, og han som heitte Judas, ein av dei tolv, gjekk føre. Han kom bort til Jesus og ville kyssa han.

48Då sa Jesus: «Judas, svik du Menneskesonen med ein kyss?»

49Dei som var med Jesus, skjøna korleis det kom til å gå, og spurde: «Herre, skal vi slå til med sverd?»

50Og ein av dei hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde av han høgre øyra.

51Men Jesus sa: «Lat vera med det!» Og han tok bort på øyra åt tenaren og lækte han.

52Så sa han til overprestane og hovdingane for tempelvakta og dei eldste, dei som var komne og ville gripa han: «De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar.

53Dag etter dag var eg saman med dykk på tempelplassen; då la de ikkje hand på meg. Men dette er dykkar time, no er det mørkret som rår.»

54Då tok dei han og førte han til huset åt øvstepresten. Peter fylgde etter eit langt stykke unna.

55Midt inne på gardsplassen hadde dei gjort opp ein eld, og Peter slo seg ned mellom dei som sat der.

56Medan han sat der i ljoset, fekk ei tenestjente sjå han; ho stirte på han og sa: «Han der var òg med han.»

57Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!»

58Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg ikkje,» svara Peter.

59Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Jau visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.»

60Men Peter sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om, mann!» I det same, før han hadde tala ut, gol hanen.

61Då vende Herren seg og såg på Peter; og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.»

62Og han gjekk ut og gret sårt.

63Mennene som heldt vakt over Jesus, spotta han og slo han.

64Dei batt for augo hans og sa: «No kan du vera profet! Kven var det som slo deg?»

65Og dei håna han på mange andre måtar òg.

66Då det vart dag, kom eldsterådet åt folket saman til møte med overprestane og dei skriftlærde. Jesus vart ført fram for dei,

67og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier dykk det, trur de meg ikkje,

68og om eg spør, svarar de ikkje.

69Men heretter skal Menneskesonen sitja ved høgre handa åt den mektige Gud.»

70Då spurde dei alle: «Så er du då Guds Son?» Han svara: «De seier sjølve at eg er det.»

71Då sa dei: «Kva skal vi no med vitnemål? Vi har sjølve høyrt det av hans eigen munn.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Luke 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.