Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

Luke 21

:
Norwegian - NO1978NN
1 Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista.
2 la han merke til ei fattig enkje som la to småmyntar.
3 Og han sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre.
4 For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av si fattige råd, alt ho hadde å leva av.»
5 Det var nokre som tala om templet, kor fint det var prydd med fagre steinar og tempelgåver. sa Jesus:
6 «Det kjem ein dag det de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein stein.»
7 spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet at den tida er nær?»
8 Han svara: Ta dykk i vare, ingen fører dykk vilt! For mange skal koma i mitt namn og seia: «Det er eg», og: «Tida er nær». Fylg ikkje etter dei!
9 Og når de høyrer om krig og opprør, lat dykk ikkje skræma! For fyrst dette henda; men enden kjem ikkje straks.
10 Og han heldt fram: Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike;
11 det skal koma store jordskjelv, og mange stader hungersnaud og pest, og det skal henda fælslege ting og syna seg store teikn frå himmelen.
12 Men før alt dette hender, skal dei leggja hand dykk og forfylgja dykk, gje dykk over til domstolen i synagogene og kasta dykk i fengsel; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld.
13 skal de vitna for dei.
14 Legg dykk minne at de ikkje treng tenkja ut føreåt korleis de skal svara for dykk.
15 Eg skal gje dykk ord og visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg for eller seia imot.
16 Jamvel foreldre og sysken, skyldfolk og vener skal svika dykk og valda nokre av dykk døden.
17 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.
18 Men ikkje eit hår hovudet skal de missa.
19 Held de ut, skal de fram til livet.
20 Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, skal de vita at byen snart ligg øyde.
21 dei som er i Judea, røma til fjells; dei som er i byen, koma seg ut, og dei som er ute landet, ikkje inn i byen.
22 For straffedomstida er komen, alt som står skrive, skal oppfyllast.
23 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal verta stor naud i landet; vreidedomen skal råka dette folket.
24 Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot til dess tida åt folkeslaga er ute.
25 Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn.
26 Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast.
27 skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom.
28 Men når dette tek til å henda, rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær.
29 fortalde han dei ei likning: Sjå fikentreet og alle andre tre.
30 Når de ser at lauvet sprett, veit de at sommaren er nær.
31 Såleis òg når de ser at dette hender, veit de at Guds rike er nær.
32 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender.
33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
34 Ta dykk i vare, og lat ikkje hjarta dykkar tyngjast av svir og drikk eller verdslege suter, den dagen kjem uventa dykk
35 som ei snare. For han skal koma over alle som bur heile jorda.
36 Vak kvar tid og stund, og bed om styrke de kan koma velberga frå alt dette som skal henda, og stå dykk for Menneskesonen.
37 Om dagen var Jesus i templet og lærte folket, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta.
38 Og tidleg om morgonen flokka folket seg om han i templet og høyrde han.