Judges 7NO1978NN

1Jerubba’al, det er Gideon, tok ut tidleg om morgonen med alle mennene sine. Han leira seg attmed Harod-kjelda såleis at han hadde midjanitthæren nord for More-haugen, nede på sletta.

2Då sa Herren til Gideon: «Du har for mykje folk med deg. Eg vil ikkje gje midjanittane i hendene på så mange; elles kunne Israel briska seg mot meg og seia: Det er mi eiga hand som har berga meg!

3Rop no ut for folket: Den som er redd og fælen, kan snu og fara heim att frå Gilead-fjellet.» Då var det tjueto tusen mann som fór heim, og ti tusen vart att.

4Men Herren sa til Gideon: «Du har enno for mykje folk. Lat dei gå ned til kjelda, så skal eg skilja ut nokre for deg der. Dei eg seier skal vera med deg, dei skal du ta med deg; og dei eg seier ikkje skal vera med deg, dei skal du ikkje ta med deg.»

5Så lét Gideon folket gå ned til kjelda, og Herren sa til han: «Alle dei som lepjar i seg vatnet med tunga liksom hunden, skal du setja for seg, og sameleis alle dei som legg seg på kne og drikk.»

6Dei som førte vatnet til munnen med handa og lepja, var tre hundre i talet. Alle dei andre la seg på kne og drakk av vatnet.

7Då sa Herren til Gideon: «Med dei tre hundre mennene som lepja, vil eg berga dykk, og eg vil gje midjanittane i hendene dine. Alle dei andre kan fara heim att.»

8Så tok dei med seg maten åt folket og horna deira. Og Gideon lét alle dei andre israelittane fara heim, så nær som dei tre hundre; dei hadde han hjå seg. Midjanittleiren låg lenger nede i dalen.

9Då det vart natt, sa Herren til Gideon: «Gjer deg ferdig og far ned til leiren! Eg gjev han i dine hender.

10Er du redd, så gå fyrst ned med Pura, tenaren din!

11Høyr på det dei seier, og du kjem til å kjenna deg sterk nok til å ta på leiren.» Så gjekk han og Pura, tenaren hans, ned til forpostane utanfor leiren.

12Midjanittane og amalekittane og dei som høyrde ættene frå aust til, låg nede i dalen så tett som grashopper, og det var ikkje tal på kamelane deira; dei var som sanden på havsens strand.

13Med det same Gideon kom, var det ein som fortalde sidemannen sin ein draum. Han sa: «No skal du høyra kva eg har drøymt: Eit byggbrød kom trillande ned mot midjanittleiren. Då det kom fram til eit telt, støytte det mot teltet og velte det, så det vart liggjande.»

14Då svara hin: «Dette kan ikkje vera noko anna enn sverdet åt Gideon Joasjson, israelitten. Gud har gjeve midjanittane og heile leiren i hans hender.»

15Då Gideon høyrde draumen som vart fortald, og tydinga, bøygde han seg og tilbad Gud. Han gjekk attende til Israels-leiren og sa: «Stå opp! Herren har gjeve midjanitthæren i hendene dykkar.»

16Så delte han dei tre hundre mennene i tre flokkar. Han gav dei alle horn og tome krukker i hendene og faklar til å ha inni krukkene.

17Og han sa til dei: «Sjå på meg, og gjer de like eins! Når eg er komen til utkanten av leiren, skal de gjera som eg.

18Når eg og alle dei som er med meg, blæs i horn, skal de òg blåsa i horn rundt ikring heile leiren og ropa: For Herren og for Gideon!»

19Gideon og dei hundre mennene som var med han, kom til utkanten av leiren med det same midnattsvakta tok til; det var så vidt midjanittane hadde sett ut vaktpostane. Då bles dei i horna og knuste krukkene som dei hadde med seg.

20Alle tre flokkane bles i horn og knuste krukkene sine. I venstre handa heldt dei faklane, og i høgre handa hadde dei horna som dei bles i. Og dei ropa: «Dra sverdet for Herren og for Gideon!»

21Men dei vart ståande kvar på sin plass rundt ikring leiren. Då tok alle som var i leiren, til å renna att og fram. Og ropande rømde dei.

22Og Herren laga det så at då dei høyrde ljomen av dei tre hundre horna, vende dei sverda sine mot kvarandre alle som i leiren var. Hæren rømde til Bet-Hasjitta, bort imot Serera, til utkanten av Abel-Mehola ved Tabbat.

23Då samla israelittane seg til strid, frå Naftali, Asjer og heile Manasse, og sette etter midjanittane.

24Over heile Efraims-fjellet sende Gideon bodberarar som skulle seia: «Far ned og møt midjanittane, og steng dei ute frå elva heilt ned til Bet-Bara ved Jordan!» Kvar einaste mann i Efraim fekk bod om å møta, og dei stengde vegen til elva heilt ned til Bet-Bara ved Jordan.

25Dei fanga to av midjanitthovdingane, Oreb og Se’eb. Oreb drap dei på Orebs-berget, og Se’eb ved Se’ebs-pressa, og så sette dei etter midjanittane. Hovuda av Oreb og Se’eb tok dei med til Gideon på hi sida av Jordan.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Judges 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.