Judges 5NO1978NN

1Den dagen song Debora og Barak Abinoamsson dette kvadet:

2Israels hovdingar ¬budde seg til strid, og folket møtte viljug fram. Lova Herren!

3Høyr, de kongar! ¬Lyd etter, de hovdingar! Eg vil syngja for Herren, syngja og spela for Israels Gud.

4Herre, då du gjekk ut frå Se’ir, då du skreid fram ¬frå Edoms-marka, då riste jorda, ¬og himmelen draup, vatnet strøymde frå skyene.

5Fjella skalv for Herren, ja, Sinai skalv for Herren, ¬Israels Gud.

6I Sjamgars, Anat-sonens, dagar, i Jaels tid, låg vegane aude. Ferdafolk laut fara ¬utanfor allfarveg.

7Det fanst ingen førar i Israel før eg, Debora, stod fram, før eg stod fram, ei mor i Israel.

8Dei valde seg nye gudar. Då stod det strid i portane. Men kvar såg ein skjold og spyd hjå dei førti tusen i Israel?

9Mitt hjarta bankar ¬for Israels hovdingar, for folket som viljug møtte fram. Lova Herren!

10Tenk etter, ¬de som rid på blakke esel, de som sit på dyre teppe, og de som vandrar etter vegen.

11Høyr kor dei jublar, dei som deler hærfang ¬attmed brunnane. Der prisar dei ¬Herrens rettferdsverk, hans frelsesverk ¬mot folket i Israel. Då steig Herrens folk ¬ned til portane.

12Vakna, Debora, vakna! Vakna, røysta i og kved! Reis deg, Barak! Før fangane bort, ¬du Abinoamsson!

13Då drog dei ned til hovdingane, dei som var att; Herrens folk ¬drog ned til meg som heltar.

14Frå Efraim steig dei ned i dalen, så kom Benjamin ¬mellom dine ætter. Frå Makir steig hovdingar ned; frå Sebulon kom menn ¬med førarstav.

15Hovdingar frå Jissakar ¬fylgde Debora; Jissakar kom, ¬og Barak var med; i hans fotefar fylgde dei ¬ned i dalen. Attmed bekkene i Ruben heldt dei lange rådleggingar.

16Kvi vart du sitjande ¬mellom kløvkorgene, lydande på hjuring-fløyter? Attmed bekkene i Ruben heldt dei lange rådleggingar.

17Gilead heldt seg i ro på den andre sida av Jordan. Og Dan, ¬kvi drygde han attmed skipa? Asjer som budde ¬utmed havsens strand, inni vikane heldt han seg i ro.

18Men Sebulon var eit folk ¬som våga livet; det same gjorde Naftali på høgdene der striden stod.

19Kongar kom og stridde, ja, Kanaans kongar stridde ved Ta’anak, ¬attmed Megiddo-bekken; men dei tok ikkje sølv ¬til hærfang.

20Stjernene stridde ¬frå himmelen, frå sine baner ¬stridde dei mot Sisera.

21Kisjon-bekken ¬reiv fienden bort, den eldgamle Kisjon-bekken. Skrid fram, mi sjel, med kraft!

22Hardt slo hovane i marka, hestane fór i strykande tan.

23«Forbanna Meros!» ¬sa Herrens engel. «Forbanna, ja forbanna ¬dei som bur der! For dei kom ikkje Herren ¬til hjelp, dei kom ikkje Herren til hjelp ¬med stridsmenn!»

24Velsigna framom andre kvinner ¬vere Jael, kona til kenitten Heber. Velsigna vere ho framom alle kvinner ¬som bur i telt.

25Sisera bad om vatn; ho gav han mjølk, rjome baud ho han ¬i ei storfelt skål.

26Med venstre handa ¬treiv ho ein teltplugg, med den høgre ein hamar! Så slo ho til Sisera ¬og knuste hans hovud, dreiv pluggen inn ¬og kløyvde hans skalle.

27For føtene hennar seig han ned, han stupte og vart liggjande. For føtene hennar seig han ned, og der han seig ned, låg han felt.

28Mor til Sisera ¬ser ut gjennom glaset; ho stirer ut gjennom gluggen ¬og ropar: «Kva ventar vogna hans etter? Kvi dryer tråvarane hans?»

29Dei klokaste fruene hennar ¬svarar, og ho tek det opp att ¬gong på gong:

30«Visst finn dei hærfang å skifta: Ei jente eller to til manns, hærfang av fargerikt ty ¬til Sisera, hærfang av fargerikt ty, eit klede eller to ¬med gilde fargar, til å ha om halsen.»

31Såleis skal dei gå til grunne, alle dine fiendar, Herre. Men dei som elskar deg, skal vera som sola når ho renn i sitt velde. Sidan hadde landet fred i førti år.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Judges 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.