1Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og lét dykk koma til det landet som eg med eid lova fedrane dykkar. Og eg sa: «Aldri vil eg bryta mi pakt med dykk.
2Og de må ikkje gjera pakt med dei som bur her i landet; de skal riva ned altara deira.» Men de høyrde ikkje på orda mine. Kvifor gjorde de ikkje det?
3No seier eg dykk: Eg vil ikkje driva dei ut. Dei skal verta til snarer for dykk, og gudane deira skal verta ei felle.
4Då Herrens engel hadde tala desse orda til israelittane, gret folket.
5Difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra dei til Herren.
6Då Josva hadde bede farvel med folket, fór israelittane kvar til sitt odelsland og skulle leggja det under seg.
7Folket tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei gamle var til, dei som hadde levt lenger enn Josva og hadde sett alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel.
8Så døydde Josva Nunsson, Herrens tenar, hundre og ti år gamal.
9Dei gravla han på hans eigen gard og grunn i Timnat-Heres, i Efraims-fjella, nord for Ga’asj-fjellet.
10Snart fór heile denne ættleden til fedrane sine. Og den nye ætta som voks opp, kjende ikkje Herren og visste ikkje kva han hadde gjort for Israel.
11Då gjorde israelittane det som vondt var i Herrens augo. Dei dyrka Ba’al-gudane
12og vende seg frå Herren, sine fedrars Gud, som hadde ført dei ut or Egypt. Dei heldt seg til andre gudar, gudane åt grannefolka. Dei bøygde seg for dei og tilbad dei og harma såleis Herren.
13Dei vende seg frå Herren og dyrka Ba’al og Astarte-bileta.
14Då vart Herren brennande harm på Israel og gav dei i hendene på røvarar, som herja dei. Han gav dei i hendene på uvenene deira rundt om, og dei kunne ikkje stå seg mot fiendane.
15Kvar dei fór fram, var Herrens hand imot dei. Difor gjekk det dei ille, som Herren hadde sagt, og som han hadde svore. Og dei kom i stor naud.
16Då lét Herren domarar stå fram, som berga dei frå røvarane.
17Men dei lydde ikkje domarane sine heller. Trulause som dei var, heldt dei seg til andre gudar, bøygde seg for dei og tilbad dei, og snart veik dei av frå den vegen som fedrane deira hadde fylgt. For fedrane lydde Herrens bod, men det gjorde ikkje dei.
18Kvar gong Herren lét ein domar stå fram mellom dei, var Herren med han og berga folket frå fiendane deira så lenge domaren levde. For Herren ynkast over dei når dei sukka og stunde fordi dei vart trælka og kua.
19Men ikkje før var domaren borte, så bar dei seg atter ille åt, endå verre enn fedrane. Dei heldt seg til andre gudar, tente dei og tilbad dei, og dei gav ikkje opp sine vonde gjerningar og si trassige ferd.
20Då vart Herren brennande harm på Israel og sa: «Fordi dette folket har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira, og ikkje lydt etter orda mine,
21så vil heller ikkje eg hjelpa dei og driva ut noko av dei folka som Josva lét vera att då han døydde.
22For med dei vil eg prøva Israel og sjå om dei held seg til Herrens vegar og går på dei, som fedrane deira gjorde, eller ikkje.»
23Så lét Herren desse folka vera. Han dreiv dei ikkje straks ut og gav dei ikkje i Josvas hand.