1Så samla Josva alle Israels-ættene i Sikem. Han kalla til seg dei eldste i Israel og hovdingane, domarane og tilsynsmennene deira. Dei steig fram for Guds åsyn,
2og Josva tala til heile folket: Så seier Herren, Israels Gud: I gamle dagar budde fedrane dykkar, og mellom dei Tarah, far til Abraham og Nakor, på hi sida av Storelva, og dei dyrka framande gudar.
3Men eg henta Abraham, ættefar dykkar, frå landet bortanfor Storelva og førte han gjennom heile Kanaan. Eg gav han mange etterkomarar. Han fekk sonen Isak,
4og Isak fekk sønene Jakob og Esau. Esau lét eg få Se’ir-fjella til eigedom. Men Jakob og sønene hans fór ned til Egypt.
5Sidan sende eg Moses og Aron. Eg slo egyptarane med dei plagene som eg sende mellom dei, og så førte eg dykk ut.
6Då eg hadde ført fedrane dykkar ut or Egypt, kom dei til Sevsjøen. Men egyptarane sette etter dei og kom til sjøen med vogner og hestfolk.
7Då ropa dei til Herren, og eg sende eit tett mørker mellom dykk og egyptarane. Eg lét sjøen slå saman over dei, og han gøymde dei. Med eigne augo såg de kva eg gjorde med egyptarane. Sidan var de lenge i øydemarka.
8Så førte eg dykk inn i landet åt amorittane, som budde austanfor Jordan. Dei stridde mot dykk, men eg gav dei i dykkar hand, så de kunne ta landet. Eg rudde dei ut for dykk.
9Kongen i Moab, Balak Sipporsson, gjekk til strid mot Israel. Han sende bod etter Bileam Beorsson og bad han forbanna dykk.
10Men eg ville ikkje høyra på Bileam, og han laut velsigna dykk. Såleis berga eg dykk frå Balak.
11Sidan gjekk de over Jordan og kom til Jeriko. Og Jeriko-buane stridde mot dykk. Det same gjorde amorittane, perisittane, kanaanearane, hetittane, girgasjittane, hevittane og jebusittane. Men eg gav dei i dykkar hand.
12Eg sende redsle og rådløyse føre dykk og dreiv bort dei to amorittkongane. Det var ikkje du som gjorde det med sverd eller boge.
13Eg gav dykk eit land som de ikkje hadde hatt strev med, byar som de ikkje hadde bygt, men som de fekk bu i, vintre og oliventre som de ikkje hadde planta, men fekk nyta frukta av.
14Så ha då age for Herren, og ten han ærleg og trufast! Skil dykk av med dei gudane som fedrane dykkar dyrka på hi sida av Storelva og i Egypt, og ten Herren!
15Men har de ikkje hug til å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena, anten dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor Storelva, eller gudane åt amorittane, som åtte det landet de no bur i. Eg og mi ætt, vi vil tena Herren.
16Då svara folket: «Aldri skal det henda at vi går bort frå Herren og dyrkar andre gudar.
17For det var Herren vår Gud som førte oss og fedrane våre ut or Egypt, or trælehuset. Han gjorde desse store teikna for augo våre. Og sidan vakta han oss på heile den lange ferda og verna oss mellom folket i alle dei landa vi laut fara igjennom.
18Herren dreiv bort alle desse folka, og like eins amorittane, som budde her i landet før oss. Vi òg vil tena Herren; for han er vår Gud.»
19Då sa Josva til folket: «De maktar ikkje å tena Herren; for han er ein heilag Gud. Han er ein brennhuga Gud, som ikkje ber over med brota og syndene dykkar.
20Går de bort frå Herren og dyrkar framande gudar, kjem han atter til å føra ulukke over dykk og gjera ende på dykk, kor mykje godt han før har gjort dykk.»
21Folket svara: «Nei! Herren vil vi tena.»
22Då sa Josva til dei: «Så er de vitne mot dykk sjølve at de har valt Herren og vil tena han.» Dei svara: «Ja, vi er vitne.»
23Josva sa: «Få då bort dei framande gudane som er hjå dykk, og bøy hjarta til Herren, Israels Gud!»
24Folket svara: «Herren vår Gud vil vi tena, og hans ord vil vi lyda.»
25Den dagen gjorde Josva ei pakt for folket i Sikem og sette lov og rett for dei.
26Han skreiv opp desse orda i Guds lovbok. Så tok han ein stor stein og reiste han der under eika som står attmed Herrens heilagdom.
27Og Josva sa til heile folket: «Sjå, denne steinen skal vera eit vitne mot oss; for han har høyrt kvart ord som Herren tala til oss. Han skal vitna mot dykk, så de ikkje gløymer dykkar Gud.»
28Så lét Josva folket fara, kvar til sin eigedom.
29Ei tid etter at dette hadde hendt, døydde Josva Nunsson, Herrens tenar, hundre og ti år gamal.
30Dei gravla han på hans eigen heimstad, i Timnat-Serah, som ligg i Efraims-fjella, nordanfor Ga’asj-fjellet.
31Israelittane tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei endå var i live, dei gamle som levde lenger enn Josva, og som kjende til alle dei storverk Herren hadde gjort mot Israel.
32Beina åt Josef, som israelittane hadde ført med seg frå Egypt, gravla dei attmed Sikem, på det jordstykket som Jakob hadde kjøpt for hundre kesittar av sønene til Hamor, far til Sikem, og som Josefs-sønene hadde fått til odel og eige.
33Då Elasar, son til Aron, døydde, gravla dei han i Gibea, den byen som Pinhas, son hans, hadde fått i Efraims-fjella.