Joshua 23NO1978NN

1Så gjekk det ei lang tid etter at Herren hadde late Israel få ro for alle fiendar rundt ikring. Josva var gamal og langt oppi åra.

2Han kalla saman heile Israel, dei eldste, hovdingane, domarane og tilsynsmennene og sa til dei: No er eg gamal og langt oppi åra.

3De har sjølve sett alt det Herren dykkar Gud har gjort mot desse folkeslaga beint framfor augo dykkar. For det var Herren dykkar Gud som stridde for dykk.

4Sjå, landet åt dei folka som enno er att her, har eg ved loddkasting gjeve dykk til odel og eige, og like eins landet åt alle dei folka som eg har rudt ut, frå Jordan til Storhavet i vest.

5Herren dykkar Gud skal sjølv jaga bort desse folka og driva dei ut for dykk, så de kan ta landet deira i eige, så som Herren dykkar Gud har lova.

6Så ver då sterke og faste! Legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka åt Moses. Vik aldri av frå det, korkje til høgre eller venstre!

7Gjev dykk ikkje i lag med desse folka, dei som enno er att hjå dykk. Ta ikkje namnet åt gudane deira på tunga! Sver ikkje ved dei, dyrk dei ikkje og bøy dykk ikkje og tilbed dei!

8Men hald fast ved Herren dykkar Gud, som de har gjort til denne dag.

9Difor har Herren drive store og sterke folkeslag ut for dykk, og ingen har til denne dag kunna stå seg mot dykk.

10Ein einaste av dykk kunne jaga tusen. For det var Herren dykkar Gud som stridde for dykk, som han hadde lova.

11Så ta dykk vel i vare, så sant de har livet kjært, og elska Herren dykkar Gud!

12For vender de dykk bort frå han og held dykk til dei folkeslaga som enno er att hjå dykk, gifter born i hop og har anna samkvem med dei,

13då skal de vita at Herren dykkar Gud aldri vil driva desse folka ut for dykk. Men dei skal verta til ei snare og ei felle for dykk, til ei svepe over ryggen og til tornar i augo dykkar, til dess de vert utrudde or dette gode landet som Herren dykkar Gud har gjeve dykk.

14No fer eg snart den vegen som alt her på jorda må fara. Kom då i hug og lat det aldri gå dykk or minne at ikkje eit einaste av alle dei gode orda som Herren har tala til dykk, har vorte om inkje. Alt gjekk som han hadde sagt; ikkje eit ord vart om inkje.

15Men liksom de har fått alt det gode som Herren dykkar Gud lova dykk, såleis skal Herren la alt det vonde han truga med, koma over dykk, til han har rudt dykk ut or dette gode landet som han har gjeve dykk.

16Bryt de pakta som Herren dykkar Gud gjorde med dykk, går de av og dyrkar andre gudar og kastar dykk ned for dei, då skal Herrens vreide loga mot dykk; og snart skal de måtta bort frå det gode landet han har gjeve dykk.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joshua 23.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.