1Manasse var eldste son til Josef. Difor fekk ætta hans òg ein del av landet. Eldste son til Manasse var Makir, far til Gilead. Han var ein stor stridsmann; difor fekk han Gilead og Basan.
2Dei andre Manasse-sønene fekk òg land, ætt for ætt: sønene til Abieser, Helek, Asriel, Sikem, Hefer og Sjemida. Det var etterkomarane etter Manasse, son til Josef, og ættgreinene deira på mannssida.
3Men Hefer, son til Gilead og soneson til Makir, son til Manasse, hadde ein son som heitte Selofhad. Han hadde ingen søner, berre døtrer. Og døtrene heitte Makla, Noa, Hogla, Milka og Tirsa.
4Dei gjekk fram for presten Elasar, for Josva Nunsson og hovdingane og sa: «Herren sa til Moses at han skulle gje oss odelsjord saman med brørne våre.» Så fekk dei odelsjord saman med farbrørne sine, som Herren hadde sagt.
5Såleis fall det ti partar på Manasse, forutan Gilead og Basan austanfor Jordan.
6For døtrene til Manasse fekk odel saman med sønene hans. Gilead-landet hadde dei andre Manasse-sønene fått.
7Landet åt Manasse nådde frå Asjer til Mikmetat, midt for Sikem. Derifrå gjekk grensa sørover til En-Tappuah-bygda.
8Manasse fekk landet der, men Efraims-sønene fekk byen; han låg ved Manasses grense.
9Så gjekk grensa ned til Kana-bekken. Byane på sørsida av bekken fekk Efraim, endå dei låg midt imellom Manasse-byane. Sidan gjekk grensa for Manasse på nordsida av bekken og enda utmed havet.
10Efraim fekk det som var sønnanfor, og Manasse det som var nordanfor, og begge hadde havet til grense. I nord støytte dei mot Asjer og i aust mot Jissakar.
11I Jissakar- og Asjer-landet fekk Manasse Bet-Sjean og småbyane der ikring, Jibleam og småbyane der ikring og Dor, En-Dor, Ta’anak og Megiddo med folket der og byane som låg ikring, alle dei tre høgdedraga.
12Men Manasse-sønene greidde ikkje ta desse byane; det lukkast kanaanearane å halda seg der i landet.
13Då israelittane vart sterkare, sette dei kanaanearane til å træla for seg, men dreiv dei ikkje ut.
14Josefs-sønene kom til Josva og sa: «Kvifor har du berre gjeve oss éin del av landet til odel og eige? Vi er då eit stort folk, fordi Herren til dessa har velsigna oss.»
15Då svara Josva: «Er de eit stort folk, så gå opp i skoglandet og ryd dykk jord der, i perisitt- og refaittlandet, sidan Efraims-landet er for trongt for dykk.»
16Josefs-sønene sa: «Fjellbygda rekk ikkje til for oss, og alle kanaanearane nede i dalbygdene har jernvogner, både dei som bur i Bet-Sjean og i småbyane der ikring, og dei som bur på Jisre’el-sletta.»
17Då sa Josva til Josefs-ætta, til Efraim og Manasse: «Mykje folk har du, og sterk er du. Du skal ikkje berre ha éin del,
18men eit heilt fjell-land skal du få. Der er det skog, og den kan du hogga. Og landet skal vera ditt til ytste endane; for kanaanearane skal du driva ut, endå dei har jernvogner og er aldri så sterke.»