Joshua 16NO1978NN

1Den delen av landet som fall på Josefs-sønene, tok til bortmed Jordan-elva, der ho renn framom Jeriko. Grensa gjekk austanfor Jeriko-kjelda, gjennom øydemarka som frå Jeriko stig opp i fjellet til Betel.

2Frå Betel heldt ho fram til Lus og så gjennom arkittlandet til Atarot.

3Der tok ho vestover til jafletittlandet, heldt fram til Nedre Bet-Horon og Geser og enda utmed havet.

4Dette landet var det Josefs-sønene, Manasse og Efraim, fekk til odel og eige.

5Såleis låg det til, det landet som Efraims-sønene og ættgreinene deira fekk: I aust gjekk landegrensa deira frammed Atrot-Adar, heldt fram til Øvre Bet-Horon

6og enda utmed havet. I nord gjekk grensa ved Mikmetat; så svinga ho austover til Ta’anat-Sjilo og heldt fram mot aust til Janoah.

7Frå Janoah gjekk ho ned til Atarot og Na’ara og beint framom Jeriko til Jordan.

8Frå Tappuah gjekk grensa vestover til Kana-bekken og enda utmed havet. Dette var den delen av landet som Efraims-sønene og ættgreinene deira fekk.

9Og attåt det fekk dei alle byane og landsbyane som vart utskilde åt dei i det landet som høyrde Manasse-sønene til.

10Men dei dreiv ikkje ut dei kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande i Efraim, som dei gjer den dag i dag. Men dei laut gjera tvangsarbeid.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Joshua 16.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.