1Då tok Job til ords og svara Herren:
2Eg veit at allting maktast du; ingen ting er umogeleg for deg av det du har sett deg føre.
3Kven er det som gjer ¬di rådgjerd uklår med uvituge ord? Eg har tala om ting ¬eg ikkje skjønar, om det som er så underfullt at eg ikkje forstår det.
4Men høyr på meg, så vil eg tala. Eg vil spørja deg, og du skal svara meg.
5Før hadde eg berre høyrt ¬om deg, men no har eg sett deg ¬med eigne augo.
6Difor tek eg att kvart ordet og syner min anger ¬i støv og oske.
7Då Herren hadde tala dette til Job, sa han til Elifas frå Teman: «Eg er brennande harm på deg og dei to venene dine; for de har ikkje tala rett om meg, så som Job, tenaren min.
8Ta no sju oksar og sju verar og gå til Job, tenaren min, og ber dei fram som brennoffer for dykk! Så skal Job, tenaren min, be for dykk; og eg vil høyra bøna hans og spara dykk for den ulukka de hadde fortent, fordi de ikkje tala rett om meg, så som Job, tenaren min.»
9Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Na’ama gjekk då av stad og gjorde som Herren hadde sagt, og Herren høyrde bøna åt Job.
10Då Job hadde bede for venene sine, vende Herren lagnaden hans. Han lét Job få dobbelt så mykje som han før hadde hatt.
11Og alle brørne hans kom til han, og like eins systrene og kjenningane hans. Dei sat til bords med han i huset hans, viste han medkjensle og trøysta han etter at Herren hadde sendt så mykje vondt over han. Kvar av dei gav han eit pengestykke og ein gullring.
12Sidan velsigna Herren Job endå meir enn før. Han fekk fjorten tusen sauer, seks tusen kamelar, tusen par oksar og tusen eselhopper.
13Og han fekk sju søner og tre døtrer.
14Den eine dottera kalla han Jemima, den andre Kesia og den tredje Keren-Happuk.
15I heile landet fanst det ikkje så fagre kvinner som døtrene til Job. Faren lét dei arva til liks med brørne.
16Sidan levde Job i 140 år. Han fekk sjå born og barneborn i fire ættleder.
17Så døydde Job, gamal og mett av dagar.