Job 41NO1978NN

1Ingen er vel så vågal at han torer ¬terga krokodillen. Kven kunne stå seg mot han?

2– Kven gav meg noko fyrst, så eg laut gje han att? Alt under himmelen er mitt. –

3Eg vil ikkje teia ¬om krokodillens lemer, kor sterke dei er, ¬og kor fint dei er bygde.

4Kven kan få hol ¬på hans ytre ham eller trengja igjennom ¬hans doble panser?

5Kven torer opna gapet på han? Hans tenner vekkjer redsle.

6På ryggen har han rader ¬av skjold, godt attlatne som med segl.

7Tett ligg det eine ¬innåt det andre, ikkje ein pust kjem inn ¬mellom dei.

8Skjolda heng fast i hop, dei grip inn i kvarandre ¬og kan ikkje skiljast.

9Når han nys, blinkar eit ljos, augo hans strålar ¬som morgonroden.

10Logande eld fer ut or hans gap, det sprutar gneistar frå det.

11Or naseborene kjem det røyk som frå ei oppheta, ¬kokande gryte.

12Pusten hans set kol i brann, ein loge står ut or hans gap.

13Stor styrke har han i nakken, og redsla hoppar føre han.

14Valkane under halsen hans ¬er faste, dei sit som støypte ¬og rører seg ikkje.

15Hjarta hans er fast som stein, som den nedste steinen i kverna.

16Når han reiser seg, ¬må kjemper fæla, dei går frå sans og samling ¬av redsle.

17Om sverdet råkar han, ¬bit det ikkje, og heller ikkje kastevåpen, ¬spyd eller pil.

18Han aktar jern som var det strå og bronse som morkna tre.

19Ei pil kan ikkje jaga han ¬på flukt, stein frå slyngja ¬er som halmstrå for han.

20Ei klubbe ¬reknar han òg for halm, han berre ler ¬åt susande kastespyd.

21Under buken ¬har han kvasse taggar, som ein treskjeslede ¬lagar han far i gjørma.

22Han set djupet i kok ¬som ei gryte, lèt havet skumma ¬som ein kjele med salve.

23Bak han går det ein lysande stig, det ser ut ¬som om djupet har sølvhår.

24Hans make finst ikkje ¬her på jord, skapt som han er utan reddhug.

25Alt som er høgt, ¬ser han i auga, han er ein konge ¬over alle stolte dyr.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 41.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.