Job 39NO1978NN

1Går du på rov for løvinna, gjev du svoltne løveungar mat,

2når dei dukkar seg ned ¬i holene sine eller ligg på lur i krattet?

3Kven syter for føde til ramnen når ungane hans skrik til Gud og flaksar ikring utan mat?

4Kjenner du tida ¬når steingeita kjear, aktar du på ¬når hindene har rier?

5Tel du månadene ¬til dei skal bera, kjenner du tida ¬når dei skal føda?

6Dei bøyer seg ned ¬og får sine ungar; så er dei ferdige med sine rier.

7Ungane veks seg store og sterke ¬utpå marka, så spring dei bort ¬og kjem ikkje att.

8Kven lèt villeselet renna fritt, kven har løyst det frå alle band?

9Eg gav det moane til hus og den salte øydemarka ¬til bustad.

10Det ler åt den ståkande byen, det høyrer ingen drivar ¬som ropar og skjenner.

11Det speidar etter beite i fjella og leitar opp kvart grøne strå.

12Har villoksen hug til å tena deg, vil han stå ¬ved di krubbe heile natta?

13Kan du binda han med reip, ¬så han held seg i fòra, vil han horva for deg i dalane?

14Kan du lita på han ¬fordi han er sterk, torer du overlata di avling ¬til han?

15Trur du han køyrer grøda heim og samlar henne ¬på din treskjevoll?

16Strutsehoa slår lystig ¬med vengene, men flyg ikkje ¬som storken med sin fjørham.

17Ho legg sine egg på marka, lèt sanden halda dei varme.

18Ho gløymer ¬at ein fot kan krasa dei, at villdyra på marka ¬kan trø dei sund.

19Hardt fer ho fram ¬med ungane sine som om dei ikkje ¬var hennar eigne. Ho lèt seg ikkje tyngja av sut for at strevet hennar ¬skal vera fåfengt.

20For Gud har ikkje gjort ¬henne klok, og han har ikkje ¬gjeve henne vit.

21Men når ho flaksar ¬opp i veret, skrattar ho åt hest og ryttar.

22Er det du ¬som gjev hesten styrke og pryder halsen hans ¬med faks?

23Lèt du han springa ¬som grashoppa? Når han frøser stolt, ¬står det age av han.

24Han skrapar i marka, ¬yr av glede, så fer han fram ¬mot ein væpna flokk.

25Han er ikkje redd for noko ¬som skræmer, og snur ikkje ¬når han møter sverd.

26Over han skramlar pilehuset, det blinkar i sverd ¬og kastespyd.

27Han fer av stad ¬i dundrande tan, og stoggar ikkje ¬når hornet ljomar.

28Han kneggjar høgt ¬når hornet læt. Han vêrar striden langan lei, bydande rop og hærskrik.

29Er det ditt vit som gjer at falken svingar seg opp, spilar vengene og flyg mot sør?

30Er det på ditt bod at ørna stig og byggjer seg reir i høge fjellet?

31Ho bur på berget og har si livd på kvasse tind, i bratte nut.

32Der speidar ho etter mat, augo skodar vidt ikring.

33Hennar ungar slurpar ¬i seg blod, og der det finst eit åtsel, ¬der er ho.

34Herren heldt fram med å tala til Job og sa:

35«Du som klagar ¬på Den Allmektige, vil du føra sak med han? Du som lastar Gud, må svara.»

36Då svara Job Herren og sa:

37«Nei, til det er eg for liten. Kva skulle eg vel svara deg? Eg legg mi hand på munnen.

38Ein gong har eg tala og tek ikkje meir til ords, to gonger har eg tala og seier ikkje meir.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 39.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.