Job 38NO1978NN

1Då svara Herren Job or stormen:

2Kven er det som gjer ¬mi rådgjerd uklår med uvituge ord?

3Spenn beltet om livet ¬som ein mann! Så vil eg spørja deg, og du skal svara meg.

4Kvar var du ¬då eg grunnla jorda? Sei fram, om du har skjøn!

5Kven har fastsett hennar mål ¬– det veit du vel? Kven spente mælesnor ut ¬over henne?

6Kvar vart hennar soklar ¬søkkte ned, og kven la hennar hjørnestein,

7medan alle morgonstjerner ¬jubla, og alle Guds søner ¬ropa av fryd?

8Kven stengde for havet ¬med portar, då det braut skummande fram ¬frå djupet,

9den gong eg kledde det ¬med skyer og sveipte det i mørke skodda,

10den gong eg sette grense for det og stengde med bom og dører?

11Hit kjem du, sa eg, ikkje lenger, her skal dei stogga, ¬dine byrge bylgjer.

12Har du nokon gong ¬kalla morgonen fram og synt morgonroden hans stad,

13så han tek tak i endane av jorda og rister dei gudlause av?

14Då tek ho form ¬som leira under seglet, og alt syner seg ¬som i nytt skrud.

15Dei vonde misser ¬det ljoset dei hadde, og armen dei lyfte, vert knust.

16Har du nått fram ¬til havsens kjelder og ferdast på botnen ¬av det store djup?

17Har dødens portar ¬vist seg for deg, har du sett dørene ¬til den kolmørke staden?

18Har du skoda ut ¬over viddene på jorda? Sei frå om du kjenner alt dette.

19Kvar går vegen ¬til bustaden åt ljoset, og kvar held mørkret til?

20Så ta dei med til deira heimstad, du kjenner stigane til deira hus.

21Du veit det ¬om du har levt så lenge at du var til då dei vart skapte.

22Har du vore ¬der snøen kjem ifrå, har du sett staden ¬der haglet ligg?

23Eg har spart dei til trengselstida, til det kjem ein dag ¬med kamp og krig.

24Korleis kjem ein dit ¬der ljoset deler seg, og der austavinden ¬breier seg over jorda?

25Kven laga renner ¬for det fløymande vatnet, og kven brøytte veg ¬for tore og lyn,

26så det regnde ¬over folketomt land, over øydemark der ingen bur,

27så det aude landet ¬fekk rikeleg med vatn, og graset grodde or grunnen?

28Har regnet ein far? Og kven har avla doggdropane?

29Kva morsliv kjem vel isen frå, kven har født rimet ¬som fell frå himmelen,

30når vatnet frys og vert som stein og flata ¬på havdjupet ligg under is?

31Kan du knyta Sjustjerne-bandet eller løysa Orions lekkjer?

32Kan du få kveldsstjerna fram ¬i rette tid, eller leia Løva og hennar ungar?

33Kjenner du lovene ¬som rår på stjernehimmelen? Fastset du hans velde ¬over jorda?

34Kan du lyfta di røyst til skyene, så vatnet fløymer ned over deg?

35Kan du senda ut lyn, ¬så dei fer av stad og seier til deg: «Her er vi»?

36Kven har gjeve ibisen visdom, kven har late hanen få vit?

37Kven er så klok ¬at han kan telja skyer, og kven tømer vatn ¬or himmel-kara,

38når jorda hardnar og fastnar, og molda klumpar seg saman?

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Job 38.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.