Isaiah 61NO1978NN

1Herrens Ande ¬er over meg; for Herren Gud har salva meg. Han har sendt meg ¬til å forkynna ein gledebodskap ¬for armingar, til å lækja dei ¬som har eit knust hjarta, til å ropa ut fridom for fangar og frigjering for dei bundne.

2Eg skal ropa ut eit nådeår ¬frå Herren, ein dag med straff frå vår Gud. Eg skal trøysta alle som syrgjer,

3og gje dei syrgjande i Sion hovudprydnad i staden ¬for oske, gledeolje ¬i staden for syrgjeklede og lovsong ¬i staden for motløyse. Dei skal kallast ¬rettferds mektige tre, som Herren har planta for å syna sin herlegdom.

4Dei skal byggja opp att ¬gamle ruinar, reisa det ¬som før vart lagt i øyde, byggja på nytt ¬dei nedbrotne byar, som låg der aude frå ætt til ætt.

5Framande skal stå ¬og gjæta dykkar sauer, utlendingar skal dyrka ¬dykkar jord og stella dykkar vingardar.

6Men de skal kallast ¬Herrens prestar, tenarar for vår Gud ¬skal dei kalla dykk. Rikdomen åt folka ¬skal de nyta, og deira skattar skal de få.

7De skal få dobbelt att ¬for dykkar skam. Dei som leid vanære, skal jubla over sin lut. Dobbel arv skal dei få i landet, evig glede skal dei ha.

8«For eg er Herren, ¬som elskar rett og hatar ran og urett. Trufast vil eg gje dei løn og gjera ei evig pakt med dei.

9Namngjeten vert deira ætt ¬mellom folkeslaga, deira etterkomarar ¬mellom folka. Alle som ser dei, skal skjøna at dei er ei ætt ¬som Herren har velsigna.»

10Eg vil gleda meg storleg ¬i Herren, mi sjel skal jubla i min Gud. For han har kledt meg ¬i frelsesskrud og sveipt meg ¬i rettferds kappe, lik ein brudgom ¬som pryder sitt hovud, lik ei brur ¬som tek på seg sine søljer.

11For liksom jorda ¬lèt groen renna, og hagen lèt sædet brydda, så skal Herren vår Gud la rettferd gro fram og lovsong lyda ¬for alle folkeslag.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 61.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.