Isaiah 43NO1978NN

1Og no, så seier Herren, han som skapte deg, ¬Jakob, og laga deg, Israel: Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut og kalla deg ved namn, ¬du er min.

2Går du gjennom vatn, ¬er eg med deg, gjennom elvar, ¬skal dei ikkje riva deg bort. Går du gjennom eld, ¬skal du ikkje svi deg, og logen skal ikkje brenna deg.

3For eg er Herren din Gud, Israels Heilage, din frelsar. Eg gjev Egypt ¬til løysepeng for deg, Nubia og Seba i staden ¬for deg.

4Fordi du er dyr i mine augo, høgt akta og elska av meg, gjev eg menneske ¬i staden for deg, folkeslag for ditt liv.

5Ver ikkje redd, ¬for eg er med deg! Austanfrå vil eg henta di ætt, og vestanfrå vil eg samla deg.

6Eg seier til nordheimen: «Kom med dei!» og til sørheimen: «Hald dei ikkje att!» Henta sønene mine ¬langt bortanfrå og døtrene mine ¬frå heimsens ende,

7alle som er kalla ¬med mitt namn, alle dei eg har skapt, ja, skapt og gjort til mi ære.

8Før fram dette folket, eit folk som har augo, ¬men ikkje ser, og øyro, men ikkje høyrer.

9Lat alle folka samla seg og alle folkeslag møta! Kven av dei ¬kan kunngjera slikt og seia oss det ¬som før har hendt? Lat dei føra fram vitne, ¬så dei kan få rett! Lat dei høyra på og seia: ¬«Det er sant!»

10Men de er mine vitne, ¬seier Herren, og min tenar, ¬som eg har valt ut, så de skal kjenna meg ¬og tru på meg og skjøna at eg er Gud. Før meg var ingen gud til, og etter meg ¬skal det ingen koma.

11Eg, ja eg er Herren, og utan meg ¬finst det ingen frelsar.

12Det er eg ¬som har kunngjort dette, eg har frelst og gjort det kjent; ingen framand gud ¬har gjort det. De er mine vitne, seier Herren. Eg er Gud,

13og det er eg frå æve av. Ingen kan riva ut or mi hand. Det eg gjer, ¬kan ingen gjera ugjort.

14Så seier Herren, dykkar utløysar, ¬Israels Heilage: For dykkar skuld ¬sender eg bod til Babylon og bryt ned alle bommane der; då vert kaldearjubelen ¬til klageskrik.

15Eg er Herren, dykkar Heilage, Israels skapar, dykkar konge.

16Så seier Herren, han som gjorde veg ¬gjennom sjøen, ein stig i det veldige vatnet,

17som førte hestar og vogner, hær og hovdingar uti. Der vart dei liggjande ¬og reiste seg ikkje, dei slokna som ein veik.

18Tenk ikkje på det ¬som hende før, gjev ikkje akt ¬på det som eingong var!

19Sjå, eg skaper noko nytt. No gror det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i øydemarka og stigar i den aude hei.

20Dyra på marka skal æra meg, både sjakalar og strutsar. For eg gjev vatn i øydemarka, lèt elvar renna i den aude hei, så mitt utvalde folk ¬kan få drikka.

21Det folket eg har skapt meg, skal forkynna min pris.

22Men på meg har du ikkje kalla, ¬Jakob, du har ikkje gjort deg bry ¬for meg, Israel.

23Du har ikkje bore fram ¬for meg brennofferlam og ikkje æra meg ¬med slaktoffer. Eg har ikkje plaga deg ¬med offergåver og ikkje trøytta deg ¬med røykjelse.

24Du har ikkje kjøpt meg ¬krydder for sølv og ikkje metta meg ¬med offerfeitt. Du har berre plaga meg ¬med dine synder og trøytta meg ¬med dine misgjerningar.

25Eg, ja eg er den ¬som slettar ut dine misgjerningar ¬for mi skuld, og dine synder ¬kjem eg ikkje i hug.

26Stemn meg! Lat oss saman gå for retten! Legg fram di sak, ¬så du kan få rett!

27Den fyrste far din synda, og dine talsmenn ¬sette seg opp mot meg.

28Så laut eg vanæra ¬heilage hovdingar, lysa Jakob i bann og gje Israel til spott.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 43.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.