1Sjå, min tenar ¬som eg stør, min utvalde ¬som eg har hugnad i! Eg har lagt min Ande på han, retten skal han føra ut til folka.
2Han skal ikkje skrika ¬og ikkje ropa og ikkje bruka mælet på gata.
3Han skal ikkje bryta ¬eit broste sev og ikkje sløkkja ¬ein rykande veik. Med truskap ¬skal han føra retten ut.
4Han skal ikkje trøytna og ikkje bryta saman før han har breitt ut retten ¬på jorda. Øyar og strender ¬ventar på hans lære.
5Så seier Herren Gud, han som skapte himmelen ¬og spente han ut, og breidde ut jorda ¬med alt som der gror, han som gjev livspust ¬til folket på jord og ånd til dei som ferdast der:
6Eg, Herren, ¬har kalla deg i rettferd og teke deg i handa. Eg har skapt deg og gjort deg til ei pakt ¬for folket, til eit ljos for folkeslaga.
7Du skal opna blinde augo og føra fangar ut or fengslet, dei som sit i mørkret, ut or fangeholet.
8Eg er Herren, det er mitt namn. Eg gjev ikkje mi ære til andre og ikkje min pris til gudebilete.
9Det som vart varsla før, ¬er kome, og no kunngjer eg nye ting. Før dei enno gror fram, lèt eg dykk få høyra om dei.
10Syng ein ny song for Herren, lovsyng han ¬frå heimsens endar, de som ferdast på havet, og alt som fyller det, de øyar og strender og de som bur der!
11Øydemarka med sine byar ¬skal syngja, landsbyane der Kedar held til. Dei som bur på fjellet, ¬skal jubla, frå fjelltoppane ¬skal dei ropa høgt.
12Dei skal gje Herren ære, forkynna hans pris ¬på øyar og strender.
13Herren dreg ut som ei kjempe; han eggjar sin stridshug ¬som ein krigar, lèt hærropet ljoma og viser sin styrke på fiendane:
14I lange tider ¬har eg halde meg i ro, eg har tagt og tøymt meg sjølv. No skrik eg ¬som ei fødande kvinne, eg frøser og syp etter anden.
15Eg vil gjera fjell og haugar aude og svi av alt grønt på dei. Elvar vil eg gjera til turt land, og myrar vil eg leggja turre.
16Blinde vil eg føra på ein veg dei ikkje kjenner, på ukjende stigar vil ¬eg leia dei. Mørkret framføre dei ¬vil eg gjera til ljos og ulendt mark til slette. Dette er det eg vil gjera, og ingen ting skal vera ugjort.
17Med skam må dei vika attende, dei som lit på gudebilete, dei som seier til støypte bilete: «De er våre gudar.»
18Høyr, de døve! Lyft augo og sjå, de blinde!
19Kven er blind, ¬om ikkje min tenar, og døv som mitt sendebod? Kven er blind som min ven og døv som Herrens tenar?
20Mangt har du sett, men du ansar det ikkje; du har opne øyro, ¬men høyrer ikkje.
21Herren ville for si ¬rettferd skuld gjera lova stor og herleg.
22Men folket er herja og plyndra, alle er bundne i fangehol, i fengsel ligg dei bortgøymde. Dei vart til hærfang, ¬og ingen berga dei, til rov, ¬og ingen sa: «Gjev det att!»
23Kven av dykk vil høyra ¬på dette, lyda etter frå denne stund?
24Kven var det ¬som gav Jakob til plyndring og Israel til ransmenn? Det var Herren, ¬som vi synda imot. Dei ville ikkje gå på hans vegar og lydde ikkje hans lov.
25Så rende han ut over dei sin heite harme ¬og ein veldig krig. Det loga ikring dei, ¬men dei skjøna det ikkje, det svidde dei, ¬men dei ansa det ikkje.